Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kan du tenkje deg å bli ein del av vårt team ved kirurgisk avdeling Ålesund?

Vi driv aktivt med forskning, 3 overlegar og 1 LIS har doktorgrad. Vi er den største kirurgiske avdelinga i HMR og har mellom anna ansvar for kar- og mamma endokrinkirurgi samt nyrekirurgi for heile fylket. Det utførast colorectalkirurgi med ca 50 operasjonar for cancer recti og ca 120 for ca coli per år.
Innanfor urologi opererer vi dagkirurgi, alle typar transuretral kirurg(TURP,TURB, nyre og ureterstein), nyrecancer.

Vi er på kirurgisk avdeling Ålesund sjukehus pt 15 overlegar, 11 LIS 2/3 og 14 LIS 1. Vi har 3 urologar, 2 uroterapeutar og har plass til endå fleire i teamet vårt!

Det opererast ca 250 brystkrefttilfeller i året.

Innanfor mamma/endokrinkirurgi har vi ansvar for alle pasientane i Møre og Romsdal. Vi utfører alle typar diagnostikk og opererer alle typar mammakirurgi inkludert onkoplastikk- då saman med plastikk kirurg som kjem frå Molde.

Vi utgreier  tyroidea/paratyroideasjukdom og behandlar benigne tilstandar, cancer er sentralisert til St Olavs Hospital.

Stillingane er ledig omgående, men startdato kan avtalast.

Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med festivalar og konsertar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter, som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Du kan lese meir om regionen vår på Visit Ålesund og sunnmøre 

Arbeidsoppgåver

  • Du må ta del i alle arbeidsoppgåvene i seksjonen såvel som poliklinikk, sengepostarbeide, dagkirurgi og operasjonsaktivitet og papirarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarane må beherske nordisk språk skriftleg og muntleg
  • Det må foreligge norsk godkjenning av spesialitet 
  • Urologi: det er ønskeleg med erfaring i robotkirurgi

Personlege eigenskapar

  • Personleg egnaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Valborg A. Bakke
Tittel: Seksjonsleiar / Kirurgiske legar
Telefon: +47 70105167
E-post: Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund