Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Haram kommune har ledig ei 100 % fast stilling som institusjonslege.

Me søker deg som ønsker å vera med på å utvikla institusjonstenesta med plassar tilrettelagt for personar med demens, somatiske langtidsplassar og korttidsplassar. Haram kommune har to omsorgssenter plassert sentralt i Brattvåg og Eidet. 

Institusjonstenesta i Haram er no under omstilling, der ein skal tilpasse driftsnivå for ny kommune. Tenesta har Haram omsorgsenter med 16 korttids- og 24 langtidsplasser og Eidet omsorgsenter med 10 korttids- og 33 langtidsplasser/heildøgnsbemanna omsorgsbustader. 

For å sette kommunen i stand til å møte framtidas behov for institusjonstenester er vi avhengig av ein engasjert og tydeleg institusjonslege som vil vere med på å skape gode tenester til bebuarane våre i tett samarbeid med sjukepleietenesta vår. 

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester.

Arbeidsoppgåver
  • Undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientane
  • Medisinskfaglig ansvar på institusjon
  • Rettleier for LIS legar
  • Kontakt og dialog med pårørende
  • Bidra i internundervisning
  • Du må ha meistringsperspektivet i fokus, og dessutan skapa føreseielegheit, tryggleik og struktur gjennom målretta arbeid i tråd med strategien til kommunen.
  • Du vil vera ein viktig samarbeidspartnar og støttespelar for tilsette i avdelingane med informasjon og kommunikasjon med pasientar og pårørande
  • Du må vera ein støttespelar ved utvikling av institusjonstenesta, slik at me saman kan stå rusta til å møta framtidige utfordringar som kommunehelsetenesta står overfor.

Kvalifikasjonar
  • Autorisert lege, fortrinnsvis spesialist i allmennmedisin, geriatri eller tilsvarande
  • Interesse for feltet sjukeheimsmedisin
  • Erfaring med behandling av demenssjukdom
  • Erfaring med lindrande og palliativ behandling
  • Ønskelig med kjennskap til kommunal sektor og drift
  • Gode datakunnskapar
  • God framstillingsevne, skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar
  • Bidra til utvikling av kommunens helse- og omsorgstjeneste

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, kreativ, engasjert og selvstendig
  • Ansvarsbevisst, med fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
  • Helse- og omsorg er ei teneste i stadig omstilling og endring. Det er derfor viktig at den som blir tilsett er fleksibel i forhold til endringar i arbeidsoppgåver, samarbeidspartnarar og organisatorisk plassering.

Personleg egnethet blir vektlagt.

Vi tilbyr
  • Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Utfordrande oppgåver i ein organisasjon som skal byggjast, med stort potensial og kompetente kollegaer. 
  • Arbeidstid på dagtid, inga vaktordning
  • Lønns- og arbeidsvilkår etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitid  
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Haram kommune
Kontaktpersoner
Navn: Espen Ervik
Tittel: Tenesteleiar
Telefon: 41007299
E-post: espen.ervik@haram.kommune.no
Navn: Frode Bøe Hatlelid
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 92243788
E-post: frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no
Navn: Ingrid Beate Mathisen
Tittel: Tenesteleiar
Telefon: 46866467
E-post: E-post:ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Haram og Eidet omsorgssenter
Strandgata 40
6270 BRATTVÅG