Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenester for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Hausten 2023 samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern og flytta saman i Glasblokkene. Dette vil gje nye og spennande moglegheiter for framtida. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring.

BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for merkantile tenester, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) søker etter ny overlege i 100% fast stilling ved seksjon for nevrologi og habilitering. 

Ved seksjon for nevrologi og habilitering for barn og unge arbeider i dag 8 overlegar. I seksjonen arbeider legane med alle deler av
barnenevrologi inkludert habilitering. Barne og ungdomsklinikken er tildelt regional behandlingslinje for erverva hjerneskade. Seksjonen har legar med
spesialkompetanse innan spastisitetsbehandling/Botox og Baklofen. Sjukehuset
har eit moderne ganglaboratorium. Vi har tilgang til det nye Energisenteret
for barn og unge i Glasblokkene. I samarbeid med UiB driv vi med
aktiv forsking innan ulike område inkludert nevrometabolske og mitokondrielle
sjukdomar.

Vi søker etter ein overlege i 100% klinisk stilling som er spesialist i pediatri og som skal ha særleg ansvar for
pediatrisk nevrologi og habilitering. Vi søker ein engasjert lege som saman med kollegaer skal bidra til at Barne- og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn og unge diagnostikk og
behandling av internasjonal standard. Seksjonen ønsker barnelege med erfaring innan barnenevrologi og habilitering.

Legar i sluttfase av spesialistutdanning er velkomne til å søke på stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil ha dag-til-dag ansvar for behandling av pasientar og ansvar for oppfølging av dei
  • Du vil arbeide både på poliklinikk, sengepost og innan habiliteringstenesta
  • Du vil inngå i eit tverrfagleg team med tett samarbeid
  • Det føreset deltaking i vakt i henhald til kompetanse og klinikkens behov
  • Du vil vera delaktig i undervising og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Spesialist i pediatri, inkludert vaktkompetanse. 
  • Det blir lagt vekt på klinisk erfaring, særleg innan barnenevrologi og habilitering
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Forskningserfaring er en fordel.
  • Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Aanen Aarli
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 41701608
E-post: aanen.aarli@helse-bergen.no
Navn: Karin Birgitta Tylleskar
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55975246
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen