Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig 2 faste stillingar og 2 vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Ved intern tilsetting i fast stilling, kan fleire vikariat bli ledig.

Oppstart for stillingane er 26.08.2024 eller etter avtale. Vikariata har 12 mnd varigheit, og med gode høve til forlenging av vikariat og vidare spesialisering i Nevrologi. For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Avdelinga har 14-delt LIS-plan, og samla om lag 30 legeårsverk.

Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, utgreiing og rehabilitering av nevrologiske sjukdommar. Vi samarbeider med dei andre akuttavdelingane om pasientmottak i felles akuttmottak, og frå våren 2024 blir nevrologisk vaktteam forsterka med ekstra studentvakt på ettermiddag/kveld . 

I avdelinga arbeider LIS i tverrfaglege team med overlegar, sjukepleiarar og personell frå fleire yrkesgrupper, som kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar støtt med å forbetre arbeidsprosessane. Om du er interessert i forsking, er det gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forsking i tilpassa løp, då vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga.

Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig. LIS får tidleg erfaring med poliklinisk arbeid, under tett supervisjon frå erfarne spesialistar. Leiinga for for legegruppa arbeider saman med de tillitsvalgte og legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.  

For fast tilsetting gjeld følgande: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering og oppfølging av pasientar i vakt, på sengepost og i poliklinikk
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande
  • Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar
  • Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS 2/3 må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet 
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Petter Schandl Sanaker
Tittel: Avdelingsjef
Telefon: 55976059
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Nevroklinikken/ Nevrologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen