Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Stillinga som lege i institusjon er i dag organisert under verksemnd legetenester og akutt helseberedskap. Stillinga kan tilpassast på fleire vis avhengig av interesser. Ein kan arbeide 100% i klinikk eller ein kan etter avtale ha kombinasjonsstilling med ulike delar av den offentlege legetenesta. Den offentlege legetenesta dekker sjukeheim, helsestasjon, fengselsteneste og migrasjonsteneste. Avhengig av kvalifikasjonar kan ein ha deler av stillinga som rettleiar/ supervisør. Om der er ynskjeleg med gradert stilling kan det også vere aktuelt.
Kommunen har 8 ulike sjukeheimar med korttidsavdeingar, langtids somatisk, langtids demens, rehabiliteringsavdeling, palliativ eining, skjerma demens og forsterka demens.
 

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
 
  • Medisinsk oppfølging av sjukeheimane sine bebuarar
  • Sikre forsvarleg helsetilbod til sjukeheimane sine bebuarar i henhold til gjeldane lover og forskrifter
  • Samhandling med spesialisthelsetenesta
  • Tverrfagleg samarbeid med øvrig faggrupper
  • Samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Godkjent turnusteneste/ LIS 1 eller 2 års relevant erfaring etter avslutta studie
  • Godkjent politiattest må framleggast ved tilsetting
  • Dei som ventar på turnusteneste kan også søkje

Personlege eigenskapar
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid i avdelinga med fokus på pasientsikkerheit
  • Gode norskkunnskaper munnleg og skiftleg
  • Gode anlegg for kommunikasjon
  • Evne til å arbeide i team
  • Å vere personleg eigna for stillinga vil verte lagt stor vekt på

Vi tilbyr
  • Rettleiing, supervisjon og tilrettelegging for kurs som del av spesialiseringsløp i allmennmedisin. Ein kan få 2 år godkjent i spesialiseringsløpet
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelege arbeidskollegaer
  • Spesialistar kan få meir rettleiing og supervisjonsoppgåver
  • Spanande, varierande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Sykehjem
Kontaktpersoner
Navn: Linn Jenny Husøy Morsund
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 414 46 306
E-post: linn.jenny.husoy.morsund@alesund.kommune.no
Navn: Torfinn Strand Vingen
Tittel: Ass. kommunalsjef Helse
Telefon: 970 14 452
E-post: torfinn.vingen@alesund.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Lege til offentlig kommunalt arbeid
Arbeidssted
Ålesund kommune
Åsesvingen 16
6017 ÅLESUND