Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune tilbyr næringsdrivande fastlege nullheimel med oppstartsgaranti og ekstra kommunalt basistilskot. 

Bjørnafjorden har vakker natur, gode moglegheiter for friluftsaktivitetar og eit rikt kulturliv. Vi har i dag 26 fastlegar fordelt på 6 legesenter.

Vi har no to ledige nullheimlar ved Flåten legesenter, og søker etter kommunen sine nye fastlegar. Er du ein av dei?

Ved Flåten Legesenter er det ledig 2 nullheimlar som næringsdrivande fastlege med listetak på høvesvis 600 og 800. Tiltreding 1.10.24, men etter avtale kan vi legge til rette for tidlegare tiltreding. Listetak kan aukast etter avtale med kommunen. Vi oppfordrar ALIS-kandidatar til å søke, og kan legge til rette for rettleiing på kontoret.

Flåten legesenter blei etablert i 1999, og er ein veldriven og etablert legepraksis, for tida med 4 heimlar med har stabil legedekning. I desse heimlane er 3 legar spesialistar i allmennmedisin og 1 ALIS næring. Vi har totalt 4450 pasientar på desse listene per dags dato. Kontoret er velutstyrt med lab, EKG, spirometri, 24 T BT-måling og V-scan. Vi har Infodoc sky journalsystem. Vi har per dags dato 3 årsverk fordelt på 4 helsesekretærar som alle er fagleg dyktige.

Flåten legesenter er organisert som DA, der kvar heimelshavar har lik ansvarsdel. Ved utviding med 2 heimlar vil denne driftsforma bli vidareført. Heimelshavar inngår internavtale med dei andre deltakarane, og eventuelle oppgåver blir fordelt internt. Nye heimelshavarar vil ikkje bli pålagt driftsoppgåver det første året. Vi oppfordrar søkarar til å kontakte legesenteret sine kontaktpersonar for spørsmål rundt drift.

Vi utvidar no med 2 nullheimlar, då vi vil utvide kontoret og bygge ut eksisterande lokale. Lokala blir då å rekna som nyoppussa. Vi held til i andre etasje på AMFI Os. Det er stor parkeringsplass, og busstopp like ved.

Bjørnafjorden kommune tilbyr:
  • Basistilskot - Kommunen betaler ut statleg og kommunalt basistilskot på til saman kr 1000,- per pasient. 
  • Moglegheit for reduserte pasientlister – 800–900 pasientar, om du ønsker det.
  • Gjenkjøpsgaranti av fastlegeheimel – Om du vil avvikle i løpet av dei tre første åra, kjøper kommunen tilbake heimelen. 
  • Dekking av praksisutgifter ved behov for vikar
  • Oppstartsgaranti for nullheimlar – Kommunen dekker basistilskot opp til 600 pasientar i inntil 12 månader + gjenkjøp av utstyr (inkludert fellesutstyr) ved kontoret dersom du avviklar i løpet av dei tre første åra.
  • 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for barn under 12 år – i inntil 10 dagar per år. For ALIS-legar også ved eigen sjukdom.
  • Fastlønn for legevakt
Gode vilkår for ALIS/LIS1
  • Rettleiing og individuell utdanningsplan tilsvarande krava i spesialistforskrifta.
  • ALIS-ordninga dekker praksiskompensasjon ved fråvær frå fastlegepraksis i samband med læringsaktivitetar og rettleiing, inkludert førebuing
  • 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for deg/barn under 12 år i inntil 10 dagar per år (fram til sjukeavbrotsforsikring gjeld).
  • Kommunen dekker utgiftene til læringsaktivitetar som ikkje blir dekte av Legeforeningen.
  • Eigen kommunal ALIS-/LIS1-koordinator.
 Som næringsdrivande fastlege i kommunen har du god moglegheit til å utforme praksisen din slik du ønsker det.

Om Bjørnafjorden kommune:
  • 30 min til Bergen sentrum og 20 minutt til næraste flyplass (Flesland)
  • God barnehagedekking
  • Rikt kultur- og idrettsliv
  • Flott kulturhus
  • Svært gode friluftsmoglegheiter i området for den som er glad i friluftsliv!
Vi søker deg som:
  • er utdanna lege​ med norsk autorisasjon​, ønsker spesialisering eller er lege i spesialisering, eller spesialist i allmennmedisin
  • du meistrar norsk munnleg (nivå B2), engelsk munnleg og kan skrive på norsk, dansk eller svensk​
  • som ønsker å bu i naturskjønne omgivnader nær Bergen
Tentativ oppstart 1.10.2024
Vi gler oss til å høyre frå deg!

Søknad med CV sendast til: thorejak@gmail.com 

Kontaktpersonar Flåten legesenter:      
Fastlege Hjørdis E. H. Barmann telefon 46 69 33 09
Fastlege Thore S. Jakobsen telefon 47 35 99 36
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktpersoner
Navn: Hjørdis Barman
Tittel: Fastlege
Telefon: +47 466 93 309
Navn: Thore S. Jakobsen
Tittel: Fastlege
Telefon: +47 473 59 936
Arbeidssted
Torggata
5209 OS