Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Fitjar legekontor skal utvide kapasiteten og søkjer 5 fastlegar. 3 av desse stillingane vert organisert i rotasjonsordning 2 veker på - 4 veker av. 

Me søkjer etter:
  • 3 legar i rotasjonsordning med kvar si liste på 500 pasientar
  • 1 ALIS lege med liste på 600 pasienter
  • 1 Spesialist i almennmedisin med liste på 700 pasienter

Legesenteret er kommunalt drevet med tre tilsette sjukepleiarar og ein legesekretær, samt seks legar og ein LIS1. Som fastlege i Fitjar kommune deltek du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08-15, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 2-4 vakter i månaden.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
  • Spesialist i allmennmedisin eller er under spesialisering i allmennmedisin (ALIS)
  • Krav om fullført LIS1
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B, gjerne disponere eigen bil
Nokre av arbeidsoppgåvene som skal utførast
  • Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova
  • Kommunal bistilling med andre allmennfaglege oppgåver, opptil 20% (sjukeheim og helsestasjon)
  • Legevakt i veldriven interkommunal legevakt, omlag 2-4 legevakter per månad
  • Legar under spesialisering fylg ALIS forlaup
For legar i rotasjonsordning
  • Arbeidstid 08:00-20:00 vekedagar, og legevakt mellom helg (12 dagar).
  • Administrativ tid 2 timar per vekedag i bunden tid
  • Administrativ tid 7,5 time per veke i ubunden tid
  • Fitjar kommune organiserar møblert bustad/leiligheit mot eigenbetaling i bunden tid i turnusperioden
Personlege eigenskapar
  • Har gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Har evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Er positiv, fleksibel, påliteleg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø og god organisasjonskultur
Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt

Me tilbyr
  • Konkurransedyktig fastlønn med 20 % inntening av HELFO-oppgjeret eller næringsdrift med 8.2 -avtale etter eige ynskje
  • ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Som fastlønna lege får du fri med lønn til naudsynte kurs
  • Næringsdrivande legar får dekka 60% av allmennlegeforeininga sitt praksiskompensasjon beløp for eigen sjukdom og sjukt born under 12 år inntil 10 dagar per år
  • Spanande arbeidskvardag med allsidig erfaringsbygging og kompetanse innan feltet allmennmedisin
  • Deltaking i jamleg internundervisning
Andre opplysingar
  • Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato
  • Ein må oppgje HPR-nr. i søknad
Synes du stillingane ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk her med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med etatssjef for helse, sosial og omsorg Anne Økland tlf. 909 86 971

Oppstart for stillingane vert etter avtale. 

Registrer søknad her: Ledig stilling - søknad - Fitjar kommune (skjema.no)

Sjå utlysning på www.fitjar.kommune.no 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Fitjar kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anne Økland
Tittel: Etatssjef Helse og omsorg
Telefon: 90986971
E-post: anok@fitjar.kommune.no
Navn: Diana Marie Bergeland Helland
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 95243278
E-post: diaber@fitjar.kommune.no
Arbeidssted
Fitjar legesenter
Gamle Havnavegen 2
5419 FITJAR