Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du bli vår nye kollega?

Vi har ledig 100 % fast stilling for spesialist i voksenpsykiatri ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund.

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.  Poliklinikken har behov for å videreutvikle sin kompetanse på fleire ulike områder. For tida er aktuelle satsningsområder videreutvikling av kompetanse på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP). Kompetanse på behandling av andre lidingar innen psykisk helsevern er også ønskjeleg. 

Poliklinikken har i dag 55,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 6 stillingar for overlege/psykiater. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse er eit almenpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam (psykoseproblematikk), eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken.

Vi ønskjer å gå i dialog med dei som vert tilsett i forhold til deira sine preferansar om teamtilknyting, og hvilke fagområde ein ønskjer å jobbe vidare med. Vi er ein poliklinikk i endring, og du vil med å jobbe her få store mogelegheiter for å vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Avklaring, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar, for tida i allmennteam.
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Oppfølging av enkelte pasientar på TUD 
  • Samhandling med kommunale tenester og samarbeid med andre seksjonar i klinikken
  • Deltaking i kvalitetsforbedringsarbeid
  • Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta, studentar, andre tilsette i poliklinikken og legar i spesialisering
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i psykiatri 
  • Annen relevant spesialitet
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande overeinskomst 
  • Rekrutteringstillegg ved godkjent spesialisering
  • Internundervisning og mogelegheit for vidare- og etterutdanning
  • Deltaking på internasjonale kongressar
  • Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
  • Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
  • For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd    

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim.

Les meir om Kristiansund og Nordmøre her Visit Nordvest | Kristiansund
Instagram
KULTURBYEN KRISTIANSUND
#nordmøre på Instagram

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jørgen Lægreid
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 92849056
E-post: Jorgen.Legreid@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9
6516 Kristiansund