Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.   

Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane.

Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er per i dag 29 LIS-legar og rundt 43 overlegar. 

Vi har no ledig faste stillingar og vikariat (6 og 12 måneders varigheit) frå september 2024 som lege i spesialisering i onkologi. Lege i spesialisering i onkologi-vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Cand.med. blir inkludert i vaktrotasjon, hvis ledig vaktplan. Ta kontakt om du har behov for tilpasset vaktplan. 

For fast stilling gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i onkologi med rotasjonsordning til medisinsk teneste (hematologi og annan medisinsk seksjon) og tilbod om teneste ved palliativ sengepost for lindrande behandling. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Bergensområdet, inkludert sideutdanninga. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Tiltreding i stillingane frå 02. september. Det er mogleg å starte tidlegare. Opplys i søknaden starttidspunkt og opplys om du søker fast stilling, vikariat eller begge.

Arbeidsoppgåver

  • Legar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning
  • Det er p.t. 26-delt tilstadesvakt

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i onkologi
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Anna som blir lagt vekt på er vitskapelege merittar og evner
  • Dokumentert relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Er effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid
  • Forstår raskt komplekse spørsmål og problem
  • Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte
  • Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølging av pasienten
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse
  • Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møte menneske i krise på ein god måte
  • Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne
  • Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve
  • Stillingane passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • God opplæring og rettleiing av erfarne legar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • TIlrettelegging ved behov
  • Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø
  • Sideutdanning tilknytt spesialistforløpet i onkologi
  • Eigen rotasjonsordning for indremedisin sideutdanning
  • Tilbod om 3 månaders teneste ved Palliativ sengepost


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Martin Pilskog
Tittel: Ass. avdelingsoverlege
Telefon: 92648638
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk/ Kreft Legeseksjon, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen