Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Fastlegevikar i Ulvik
Den eine fastlegen vår skal i pappapermisjon, og vi treng vikar. Listelengde 600. I stillinga inngår ansvar for legeteneste ved sjukeheimen (18 plassar), inntil 20% stilling.
Lokalsjukehuset vårt er Voss Sjukehus som er del av Helse Bergen, 45 minutts reise dit. Interkommunal legevakt er lokalisert på sjukehuset, og du vil få nødvendig opplæring. Det er 2 legar på vakt ettermiddag/kveld og helg, 1 lege på natt. Vaktbelastning omtrent 4 vakter per mnd.

Krav til deg som søkjar:
· Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1
· God muntleg og skriftleg kunnskap i norsk eller nordisk språk
· God samarbeidsevne og fleksibilitet
· Personlege eigenskapar vert vektlagd
· Førarkort klasse B

Me tilbyr:
· ALIS-avtale og tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
· Rettleiing og supervisjon, kommunen er godkjent utdanningsinstitusjon.
· Gode kollegaer og tett tverrfagleg samarbeid i liten kommune
· Allsidig praksis med faglege utfordringar
· Velutstyrt legesenter med ultralyd, 24t-BT, EKG, spirometri og lab
· Konkurransedyktig fastløn med incentivløn
· 10-12-delt interkommunal legevaktordning på Voss
· Kommunen skaffar og dekker utgiftene til bustad

Politiattest må framleggast ved tilsetjing. Dette kravet gjeld alle som skal arbeida i helse- og omsorg eller med born, unge og personar med funksjonshemming.

Velkomen som søkjar! Søknad på stilling - Ulvik kommune
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Ulvik herad
Kontaktperson
Navn: Unni Solem
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 40007135
E-post: unni.solem@ulvik.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Ulvik legekontor
Skeiesvegen 7, 5730 Ulvik
5730 ULVIK