Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du klar for nye utfordringar i 2024? Vil du jobbe i ei spanande utdanningsstilling hos oss ved Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF?
Vi søker ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet som vil vere med på å vidareutvikle eit godt behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). 

Vi har ledig 100 % fast stilling for lege i spesialisering (LIS) ved Ålesund behandlingssenter frå d.d. Legar som ventar på LIS1 anbefalast også å søke, då det kan verte ledig vikariat om ein ikkje lukkast med å rekruttere til fast stilling. Startdato kan evt. avtalast.

Avdeling for TSB Ålesund tilbyd tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter inneheld 3 seksjonar: Poliklinikk, avrusning og korttids døgnbehandling. Avdelinga tilbyd avrusning, utreiiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Som LIS vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengighetsmedisin hos oss.  

Du er velkomen som søkar! 

Attestar, vitnemål og eventuell annan relevant dokumentasjon må scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.  

Arbeidsoppgåver

  • Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
  • Oppgåver knytta til avdelinga sin verksemd som vil variere ut frå den seksjon ein er tilsatt på(mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, behandlermøter m m)
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning
  • Undervisning

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege, samt godkjent LIS del 1 (evt. turnusteneste etter gamal ordning)
  • Legar uten LIS del 1 kan søke midlertidig stilling
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Fagleg  engasjement
  • Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Aase Grebstad
Tittel: Konst. Seksjonsleiar
Telefon: +47 98600587
E-post: Aase.Grebstad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27
6018 Ålesund