Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du klar for nye utfordringar i 2024? Vil du jobbe i ei spanade legestilling hos oss ved Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF?
Vi søker ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med på å vidareutvikle eit godt behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). 
Vi har ledig to 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS) ved Ålesund behandlingssenter frå august-24. Startdato kan evt. avtalast.
Avdeling for TSB Ålesund tilbyd tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter inneheld 3 seksjonar: Poliklinikk, avrusning og korttids døgnbehandling. Avdelinga tilbyd avrusning, utreiiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar.  

Du er velkomen som søkar! 

Attestar, vitnemål og eventuell annan relevant dokumentasjon må scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.  

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut frå den seksjonen ein er tilsett (mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, behandlermøter m.m)
  • Terrfaglege samarbeid
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege eller midlertidig legelisens (stud.med)
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Fagleg engasjement
  • Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Aase Grebstad
Tittel: Konst. Seksjonsleiar
Telefon: +47 98600587
E-post: Aase.Grebstad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27
6018 Ålesund