Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig stilling som overlege ved allmennpsykiatrisk poliklinikk ved Øyane DPS. Tiltreding etter nærare avtale. Søkarar som ønsker vikariat eller redusert stilling blir også oppmoda til å søke.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken er lokalisert i bynære omgjevnadar om lag femten minuttars køyring frå Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 50 000 innbyggjarar over 18 år. Det er god kontakt med førstelina og kommunane er i rask vekst. Øyane DPS er aktiv i samhandling med kommunane.

Vi ønsker å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ønsker og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd.

Øyane DPS består av:
* Allmennpsykiatrisk poliklinikk 1 og 2, godkjend tenestestad for LIS3, med eige akutteam (AT) og MBT team
* Psykose døgnseksjon med 8 senger og godkjend som tenestestad for LIS3
* Allmenn døgnseksjon har 8 senger og er godkjend som fordjupingsteneste og valfri teneste for LIS. Behandlargruppa består av overlege, LIS1 og LIS3
* Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.

Teama i allmennpsykiatrisk poliklinikk arbeidar tverrfagleg og er satt saman av psykiater, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar, sosionom og IPS jobbspesialist.

Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Undervisning og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå allmenn- og akuttpsykiatri
  • Noko erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, effektiv og sjølvstendig
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Eit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Katrine Frilund Halvorsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 56326600
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Øyane distriktspsykiatriske senter/ Øyane allmenpsykiatriske poliklinikk 2, Helse Bergen
Blombakkane 75
5354 Straume