Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer deg som ynskjer å vere med på laget ved legesenteret i Vanylven kommune.

Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift, kommunal tilsetjing eller nordsjøturnus i stillinga. Vi søker etter ein 100% ALIS (allmennlege i spesialisering) eller spesialist i andre fagfelt, eller ein 100% spesialist i allmennmedisin.

Vanylven legesenter er kommunalt drive, og har fem legeheimlar, samt erfarent hjelpepersonell. Med bakgrunn i lokasjon har Vanylven kommune valt å framleis ha eiga legevakt, då med heimevakt. 

Legesenteret er sentrumsnært og held til i leigde lokale samlokalisert med fleire andre helsetenestar, samt rådhuset.

Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du har som fastlege i Vanylven og kvifor vi ynskjer å ha deg med på laget.


Arbeidsoppgåver
  • Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følgjer lov, forskrift og avtaleverk.
  • Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid med moglegheit for inntil 7,5 timar per veke
  • Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
  • Deltaking i legevaktsordning
  • Oppgåver knytt til rettleiing, supervisjon og undervisning for ALIS

Kvalifikasjonar
  • Har norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg, og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå)

Personlege eigenskapar
  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
  • Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
  • Du har evne til utvikling og nytenking
  • Løysingsorientert og endringsvillig
  • Du er fleksibel
 
Personleg egnaheit vektleggjast
 
Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
  • God kollegial støtte og samarbeid
  • Sterk fagleg hjelpepersonell
  • Valfri bruk av e-konsultasjonar i ditt arbeid
  • Vanylven kommune er registrert utdanningsverksemd
  • Næringsdrift med 0-avtale og inntening frå første dag eller lønn etter avtale
  • Beste natur, fjell og lokale aktivitetar
Som tilflyttar til Vanylven kommune kan du få nedbetalt studielån med 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare retningslinjer. I tillegg har vi gode pensjonsordningar.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vanylven kommune
Kontaktperson
Navn: Eli Tefre Nordal
Tittel: Kommunalsjef helse og omsorg
Telefon: +47 41424805
Arbeidssted
Rådhuset
6143 FISKÅ