Ynskjer du ei spesialisering innan indremedisinske fag? Bli med på laget vårt!
Helse Møre og Romsdal, Kristiansund sjukehus ved seksjon for
medisinske legar har ledig faste stillingar og vikariat for lege i spesialisering
innan indremedisin. Er du lege som også er klar for å gå inn i en
utdanningsstilling som LIS2/3, ta gjerne kontakt med oss. Ved seksjon for medisinske legar i klinikk SNR
- Kristiansund sjukehus, vil du få ei unik breddekompetanse i generell
indremedisin og vidare plan til ein spesifikk subspesialitet etter ynskje og
behov innan ein av dei åtte tradisjonelle indremedisinske
spesialitetane. Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan
gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri, nefrologi,
infeksjon og akutt- og mottaksmedisin. Avdelinga har også LIS1-legar og
studentar frå NTNU. Ansettelse vil skje fortløpande.
Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit
aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering
(LIS). Avdelinga har også ansvaret for overvakingssenger på felles
intensivavdeling, samt vurdering av pasientar i akuttmottak. Avdelingea
har veldifferensierte poliklinikkar og dagbehandling med høgt fagleg nivå, til
dømes dialysebehandling, poliklinikk for kreft- og palliasjon, medisinsk
poliklinikk og hudpoliklinikk. Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både
innanfor indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å
delta i poliklinisk aktivitet også innanfor indremedisinske fag. LIS 2/3
legar deler sekundærvakta.
Vi satsar på høy fagleg kvalitet,
utdanning, prosedyreopplæring, aukande forskingsaktivitet og Vi har
hyppige internundervisningar med høg kvalitet. og eit godt medisinsk akutt
team leidde av enten akutt- og mottaksmedisiner eller LIS2/3 i vakt. Vi har
tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrar, som leiing av
medisinsk team (MET-team), bruk av ultralyd i vakt og liknande.
Vi er heldige og flytter inn i nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal (SNR Hjelset) i 2025. Det
nye sjukehuset ligg på Hjelset, ca 40 minutt frå Kristiansund sentrum. I
tillegg til det nye akuttjukehuset skal det i SNR
Kristiansund vidare vere eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med ca 80 % av
dagens polikliniske aktivitet, tarmscreeningsenter, dagbehandling og dagkirurgi
innan dei fleste fagområda.