Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Medisinsk klinikk søkjer overlege ved seksjon for blodsjukdommar i fast stilling.

Medisinsk klinikk har om lag 500 tilsette og har seksjonar for blodsjukdommar, hormonsjukdommar, fordøyingssjukdommar, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar. Klinikken omfattar og seksjon for klinisk ernæring og seksjon for sosionomtenester.

Seksjon for blodsjukdommar diagnostiserar og behandlar pasientar med ulike sjukdommar i blod og beinmarg. Seksjonen har regionalt ansvar for behandling av akutte leukemier og autolog stamcelletransplantasjon for plamsacellesjukdomar, samt fleir-regional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon saman med Oslo Universitetssjukehus. Seksjonen har og nasjonal oppgåve for autolog stamcelletransplantasjon for multippel sklerose. Seksjonen har ein sengepost med 14 heildøgnsenger, tre dagbehandlingsplassar og en stor poliklinisk aktivitet, med om lag 12000 årlege konsultasjonar og behandlingar.
 
Seksjonen har og ein stor utdanningsaktivitet for medarbeidarar. Seksjonen har stor og aukande forskingsaktivitet, der Klinisk Institutt 2 ved Universitetet i Bergen er største samarbeidspartnar. Det er knytt 2 professorar til seksjonen og ein 1ste amanuensis i delt stilling.  

Arbeidsoppgåver

  • Den som blir tilsett skal jobbe på sengeposten og rettleiie LIS legar der, ha poliklinikk, samt delta i seksjonert bakvakt, for tida 7-delt ordning
  • Den som blir tilsett skal og delta i undervising av medarbeidarar og studentar, og skal delta i klinisk forsking
  • Den som blir tilsett skal delta i klinikkens og seksjonens tverrfaglege forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Stillinga krev norsk autorisasjon som lege og godkjende spesialitet i blodsjukdommar. Godkjend spesialitet i Indremedisin blir vektlagt.
  • Relevant doktorgrad innan fagområdet og/eller aktiv deltaking i forsking blir òg vektlagt
  • Oppgåvene krev brei og relevant kunnskap innan fagområdet. Vi legg spesiell vekt på kompetanse innan stamcelletransplantasjon
  • Kandidaten må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk språk

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med engasjement for indremedisin og blodsjukdommar, med evne til å organisere eige og andres arbeid
  • Det blir lagt vekt på gode evner til samarbeid med ulike faggrupper i tillegg til stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Stimulerande og aktivt arbeidsmiljø i ei avdeling med høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking på høgt internasjonalt nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter gjeldane overeinskomstar
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Astrid Marta Olsnes
Tittel: Seksjonsoverlege
E-post: astrid.olsnes@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Medisinsk klinikk / Seksjon for blodsjukdommar, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen