Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga

​​​​​​Ein av våre dyktige legar på Valestrand legekontor har sagt opp sin fastlegeheimel og denne står ledig i dag. Valestrand legekontor har til saman 3 stillingsheimlar og er organisert som eit DA. Kontoret har 3 helsesekretærar i 3 årsverk. Osterøy har i tillegg eit legesenter i Lonevåg med 3 stillingsheimlar. Pr i dag har kommunen to LIS 1 legar. Ein heimel ved kvart kontor er i ALIS løp.

Journalsystemet er InfoDoc

Osterøy kommune har to legekontor med til saman 6 fastlegar. Kommuneoverlegen på Osterøy har delt stilling, 40 % som kommuneoverlege og 60 % som sjukeheimslege ved Osterøytunet.

Ny heimelsinnehavar må kjøpe seg inn i legesenteret sitt etablerte kontorfellesskap. Vilkår for overdraging av praksis må avtalast med noverande heimelsinnehavar.

Fastlegepraksis i kommunen skal drivast etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, fastlegeforskrifen og anna relevant helselovgjeving, på dei vilkår som framgår av ASA 4310, samt lokale føringar gitt av kommunen. Tildeling av avtaleheimel følger av ASA 4310. Merk at heimel blir tildelt som eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven, der andre søkjarar kan ha innsynsrett i m.a CV og søknadsdokument om dei har relevans i grunngjevinga.

Arbeidsoppgåver
  • Listelengda er på 1286
  • Kommunen deltek i interkommunal legevakt og innehavar av heimel pliktar å delta i denne på kveld og helg
  • På dagtid er det kommunal legevakt som legen deltek i saman med dei andre legane på Osterøy
Kvalifikasjonskrav
  • Krav om norsk autorisasjon
  • Krav om godkjent LIS1 eller tilsvarande med rett til trygderefusjon
  • Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt vidareutdanning i allmennmedisin – evt starte i ALIS løp
  • Erfaring frå allmennmedisin vil bli vektlagt saman med relevante spesialitetar
  • Søkjarar må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gyldig førarkort
Personlege eigenskapar
  • Interesse for privat drifta legeteneste
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Evne til å bidra til utvikling og kvalitetsforbetring innan området
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tildelinga av heimelen

Vi tilbyr
  • Jamnlege allmennlegemøter med dei andre fastlegane
  • Godt fungerande samarbeidsutval med kommuneoverlege og kommuneleiing
  • Dyktige og erfarne kollegaer ved kontoret
  • Korte tenesteliner og godt samarbeid med den kommunale helse- og omsorgstenesta
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anita Sørtveit
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 970 00 226
E-post: anita.sortveit@osteroy.kommune.no
Navn: Kristin Ruud Myking
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 990 10 087
E-post: kristin.ruud.myking@osteroy.kommune.no
Arbeidssted
Reigstadvegen 1
5281 VALESTRANDSFOSSEN