Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
I Ørsta kommune er det ledig to vikariat som fastlege ved Ørsta helsesenter.
  • ein heimel med listetak 700 i perioden 16.05.24 - 26.03.25
  • ein heimel med listetak 650 i perioden 22.07.24 - 01.09.26
Det er ein fordel om du kan vere vikar i heile perioden. Skriv i søknaden om du søker på begge vikariata eller berre eit av dei.
Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.

Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.

Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Det er ein fordel om du ønsker å vere næringsdrivade fastlegevikar, men fast løn kan også vurderast.
Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det.
Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling

Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, flotte lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Kontaktpersoner
Navn: Runa Bakke
Tittel: Tenesteleiar helse, tildeling og koordinering
Telefon: 91621147
E-post: runa.bakke@orsta.kommune.no
Navn: Hege Axe Øvsteng
Tittel: Leiar Ørsta helsesenter
Telefon: 70 04 80 50
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Ørsta helsesenter
Dalevegen 28 A
6153 ØRSTA