Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Anestesi, intensiv og operasjons avdeling ved Haugesund sjukehus har ledig 2 lengre vikariat for LIS innan anestesiologi. 

I avdelinga, som organisatorisk høyrer til kirurgisk klinikk, inngår anestesi, intensiv, operasjon, sterilforsyningsteknikk og palliativt team.

Avdelinga flytta hausten 2021 inn i nye flotte lokalar for både operasjon og intensiv/postoperativ-eining.

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver innan anestesi og intensivmedisin.
  • Vaktordning er for tida 8-delt tilstadesvakt for LIS.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Gjennomført LIS 1 eller tilsvarande.
  • Personleg eignaheit blir vektlagt

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaler.
  • Hjelp med bustad.
  • Nærleik til fjord og fjell med gode muligheter for variert friluftsliv

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Hege Østensjø
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: 52732670
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Anestesi, intensiv og operasjonsavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund