Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med på laget vårt?
Vi har ledig fast stilling for lege i spesialisering (LIS) ved Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdom i Klinkk SNR.
Vi har verksemd både i Molde og Kristiansund. Vi har i Molde omlag 700 fødslar i året, samt kirurgisk og poliklinisk aktivitet ved begge sjukehusa. Avdelinga jobber for eit godt tverrfagleg samarbeid, og vi gleder oss til samlinga på det topp moderne fellessjukehuset Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset i 2025. 
Arbeidsstad er for tiden ved Molde sjukehus, men det vil vere nært samarbeid ved poliklinikkane og høve til å kunne arbeide både i Molde og i Kristiansund.
Ved intern rokkering kan det bli ledig vikariat.

Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver

  • Ordinære arbeidsoppgåver i spesialiseringsløp for spesialisering i fødselshjelp og kvinnesykdomar 
  • Arbeidsoppgåver LIS er organisert på en slik måte at læringsaktivitetar og læringsmål i ny spesialiering skal kunne bli dekt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS 1 eller anna godkjent teneste som erstatning for dette
  • Må ha gode munnlege og skriftleg norskkunnskapar. Gjerne også relevant sjukehuserfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er pasientorientert, nøyaktig og strukturert
  • Du jobbar sjølvstendig og tek eigne avgjerdsler
  • Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Eva Bentz
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71120000
Hjemmeside
Arbeidssted
Gynekologisk poliklinikk SNR Kristiansund og Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen