Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Vi har ledig 100% vikariat som kommunalt løna fastlege i Alver kommune, då ein av våre legar går ut i foreldrepermisjon i perioden juni 2024 til mars 2025. Stillinga vil være ein kombinasjon av arbeid som fastlege, og arbeid på daglegevakt. Vi kan leggje tilrette for kandidatar som ønskjer stilling som ALIS-lege.

Arbeidsoppgåver
Arbeid som fastlege, med ei godt ivaretatt fastlegeliste med 500 pasientar.

Arbeid på daglegevakt ved Nordhordland legevakt 1 - 2 dager i veka. Nordhordland legevakt ligg i samme bygg som Knarren legesenter, og listelengde vil bli tilpassa i forhold til arbeid ved daglegevakt. 

Den som vert tilsett deltek og i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) med vakter stort sett på kveld og i helg då det er eigne legar som jobbar natt. 

Om Knarren legesenter
På Knarren legesenter er det 4 fastlegeheimlar med kommunalt tilsette legar.  Vi bruker vi Infodoc plenario journalsystem i arbeidet. Kontoret er lokalisert i RNH Helsehuset sentralt i Knarvik med nye og moderne lokaler. Vi har parkering i gåavstand frå bygget.

Åpningstid og arbeidstid er kl 08:00 - 15:30. Individuelt tilrettelagt arbeidstid kan avtalast ved behov. På Knarren legesenter er det tilsett fagleg dyktig hjelpepersonell i form av både helsesekretærar og sjukepleiar. Den eine helsesekretæren fungerer som driftskoordinator på kontoret og har ansvar for daglege driftsoppgåver. Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt (NHLV) som og ligg lokalisert på RNH Helsehuset.Det er eit godt samarbeid mellom helsestasjonen, jordmortenesta og fastlegekontoret som er lokalisert i samme bygg.

Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. For ALIS - lege vil det være veiledning under utdanningsforløpet.

Korleis er det å arbeide som kommunalt tilsett fastlege i Alver kommune?
Som kommunalt tilsett fastlege har du 37,5 timars arbeidsveke. Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal kunne ha ein balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal være greit å gå heim frå jobb når arbeidsdagen er slutt. Om du arbeidar ekstra får du opparbeidd fleksitid som du kan ta ut i fri seinare, eller evt. utbetalt overtid.

Dersom du blir sjukemeldt, eller får born som er sjuke har du rettar på lik linje med alle andre tilsette i kommunen. Det er vårt ansvar å få inn vikar for deg dersom du blir langvarig sjukemeldt. Ved kortere fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning.

Når det gjeld administrasjon av kontoret med hensyn til hjelpepersonell og utstyr, så ordnar vi det for deg. Vi treng sjølvsagt at du formidlar kva du treng og kva du ønskjer, men du skal sleppe å bruke mykje arbeidstid på dette.

ALIS - legar får lovpålagte og naudsynte kurs dekka av ALIS - tilskot. Fastlegar som er spesialistar og treng kurs/ vidareutdanning for å kunne jobbe som fastlege får dekka dette frå arbeidsgivar, i kombinasjon med søknad om midler frå fond II frå legeforeningen. Du får fri med lønn til lovpålagte/ naudsynte kurs. Du vil også ha rettar i forhold til permisjonsreglementet, på lik linje med andre tilsette i Alver kommune.

Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld, helg og natt. I gjennomsnitt vil du ha to vakter i månaden, og då får du betalt timesats for arbeidet du gjer der. Vi er opptatt av at du skal ha kviletid, og dersom du arbeider natt til måndag vil du kunne få fritak frå arbeidet på kontoret på måndagen utan at du mister noko lønn for dette. Vi har no tilsett legar som arbeider reine nattevakter ved Nordhordland legevakt. Det gjer at du vil få mindre vaktbelastning på natt enn før.
 

Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
Ønska kompetanse
Dersom du er vaktkompetent er dette eit føremon for stillinga. Dersom du ikkje er vaktkompetent kan du likevel vurderast til stillinga. 

Kven er du?
Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ser etter ein lege som samarbeider godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å arbeid innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet. 

Vi tilbyr
  • Spennande og variert arbeidskvardag
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstid: 37,5 timers veke
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Rettar i forhold til permisjonsreglement, sjuke barn eller eige sjukefråvær på lik linje med andre tilsette i Alver kommune
  • Dekka kurs/ naudsynt vidareutdanning for stilling som fastlege. Fri med lønn. 
  • Høve til å inngå ALIS - avtale med veiledning for vikariat over 3. mnd
  • Godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta.

Politiattest
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Bente Bø Taule
Tittel: Avdelingsleiar legeteneste
Telefon: +47 47459725
E-post: bente.bo.taule@alver.kommune.no
Arbeidssted
RNH Helsehuset
5914 ISDALSTØ