Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Verksemd legetenester og akutt helseberedskap held til på Ålesund lokalmedisinske senter på Åse. Vi har tenester som legevakt, øyeblikkeleg hjelp døgnplasser (ØHD) og overgrepsmottak. Verksemda har også ansvar for offentlege legetenester samt allmennlegetenesta i Ålesund.

Stillinga er ei kombinasjonsstilling der fordelinga er 40 % på rolla som fagsjef og 60 % er knytt til rolla som sjukeheimslege og ev. oppfølging av LIS0 og veileiing LIS3.

Stillinga inneber at ein har fagansvar for sjukeheimar og sjukeheimslegar. Ein vert del av eit team som arbeider for å optimalisere og vidareutvikle tenestene i samhandling med omliggande helsetenester og kommunar.

Stillinga inneber i utgangspunktet ikkje personalansvar eller deltaking i legevaktordning. Deltaking i planlegging/koordinering av legeressursar i omsorgssentera/sjukeheimar kan bli aktuelt. Ønsker søkar lavare stillingsprosent kan det vurderast.  

Arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling/oppfølging i tenestene
  • Rådgiving/veileiing for sjukeheimslegane
  • Systemopplæring/oppfølging av nye legar/LIS
  • Samhandling/ koordinering med sjukeheimane/omsorgssentra i forhold til fagutvikling/pasientbehandling
  • Avvikshandtering og kvalitetsarbeid

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Godt kjennskap til kommunehelsetenesta
  • God på tverrfagleg samarbeid mellom profesjonar og mellom ulike behandlingsnivå
  • Høg fagleg interesse - i dette ligg også utdanningsnivå og utdanningsretning

Personlege eigenskapar
  • Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
  • Interesse for å vere med vidare i ein spanande utvikling av tenestene i kommuna
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv fremtoning
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer
  • Spanande, varierende og utfordrende arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Offentlig lege
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Kontaktperson
Navn: Linn Jenny Husøy Morsund
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 414 46 306
E-post: linn.jenny.husoy.morsund@alesund.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Fagsjef sjukeheim og kommunalt arbeid
Arbeidssted
Åse Helsehus
Åsesvinen 16
6017 ÅLESUND
Søk på stillingen