Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

100% fast stilling som LIS 3 innan rus- og avhengigheitsmedisin ved Molde behandlingssenter poliklinikk. Tilsetting snarast eller etter avtale.

Er du lege og ønskjer å jobbe saman med hyggelege kollega i eit spanande fagfelt? Arbeidsplassen er lokalisert midt i Molde by med ulike fasilitetar i umiddelbar nærleik. Det er fleksibel arbeidstid, med kjernetid frå kl 09 -15. Det er inga vaktordning og med ei familietilpassa arbeidstid. 

Vi har ein livleg arbeidsplass som består av bl.a. overlege, psykologspesialist, sosialarbeidarar med vidareutdanning, spesialsjukepleiar, spesialpedagogar og familieterapeut. TSB avdelinga har per i dag 4 overlegar med spesialitet i rus- og avhengigheitsmedisin. I tillegg er det 6 legar som har starta på LIS-løp (lokalisert både i Molde og Ålesund). Det er tett medisinskfagleg samhandling internt i helseforetaket, samt lokale faglege møtepunkt for legar i avd. TSB.

TSB avd. er oppteken av fagleg utvikling, og har fleire pågåande forskingsprosjekt knyta til PhD-løp. Molde behandlingssenter - langtidsdøgn tilbyr ein behandlingsmetodikk for traume i kombinasjon av narrativ eksponeringsterapi-NET og dialektisk åtferdsterapi -DBT i tillegg til rusbehandling. Vidare satsing tilknytt våre poliklinikkar er implementering av kunnskapsbasert traumebehandlingstilbud til voksne, med fokus på to behandlingsmetoder; Eye Movement Desensitization and Reprosessing (EMDR) og Kognitiv terapi for PTSD (CT-PTSC) , noko som er eit samarbeidsprosjekt med Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Implementeringsplan for EMDR og CT-PTSD vil kome i gong medio 2024. 

Avdeling TSB gjev tverrfagleg spesialisert behandling til vaksne med rus- og avhengigheitslidingar. Som lege vil arbeidet omfatte utgreiing og behandling av avhengigheitslidingar, men i mange høve inkluderar dette også komorbide psykiske- og somatiske utfordringar. I tillegg gjev avdelinga tilbod om Legemiddelassistert rusbehandling (kjent som LAR). 

Individuelt tilpassa behandling vert gjeve i form av poliklinisk oppfølging, avrusing (akutt og elektiv) samt differensiert døgnbehandling. Avdelinga består av poliklinikk, avrusning og korttidsdøgn i Ålesund, og poliklinikk og langtidsdøgn i Molde. I tillegg tilbyr TSB eigen poliklinisk oppfølging til pårørande, behandling av spelavhengigheit og behandling av anabole steroider. For å sikre heilskaplege og koordinerte tenestar samarbeidar TSB med ulike eksterne instansar. 

Høyres dette spanande ut? Kom gjerne innom for ein uformel prat i lunsjen på fredagar, kor vi har stabens med kaffe og kake. 

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, utredning og behandling av pasientar med rus-og avhengigheitslidingar og komorbiditet
  • Poliklinisk oppfølging av pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert LAR (legemiddelassistert rehabilitering)
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsrelasjoner
  • Sjølvstendig arbeid under rettleiing  
  • Følgje LIS utdanningsforløp med undervisning og veiledning

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon eller lisens som lege. For LIS må turnusteneste (LIS del 1) være godkjent
  • Du må håndtere eit av dei nordiske språka munnleg og skriftleg
  • Du må ha god skriftleg dokumentasjonsevne
  • Det er ønskjeleg at du har relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
  • Du kommuniserar godt med pasientar og medarbeidarar
  • Du arbeidar sjølvstendig, men søkjer råd ved behov
  • Du arbeidar strukturert og målretta
  •  Personeleg eignaheit vert lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg engasjert arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Tenestefordjupning innan avrusningsenheit, døgnenheit og poliklinikk 
  • Klinisk teneste, veiledning og internettundervisning etter krava i spesialistutdanninga
  • Rekrutteringstillegg
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste

Molde er rosens, jazzens og kulturens by! Og ikkje minst eit eldorado for naturopplevingar og aktivitetar. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter.
Les meir om Molde og Romsdal i https://www.visitnorway.no/

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Merethe Wenaas
Tittel: Konst. seksjonsleiar
Telefon: +47 97580780
E-post: Merethe.Wenaas@helse-mr.no
Navn: Bård Sættem
Tittel: Konstituert overlege
Telefon: 71219800
E-post: Bard.Settem@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Strandgata 1
6415 Molde