Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsavdelinga har ledig fast overlegestilling i 100%.

Avdelinga omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødd intensiveining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet. Vi dekkjer også legetenesta ved sjukehuset si barnehabilitering.
Barn sengeeining har 10 senger for barn 0-18 år og Nyfødd intensiveining har 8 senger for sjuke nyfødde og premature frå 28 veker. Me dekkjer alle pediatriske fagområde, og har tett samarbeid med universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger.

Me har for tida 9 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. Stilling som overlege inneber i utgangspunktet arbeid på begge sengeeiningar og poliklinikkar. Dette kan tilpassast etter ønskje og faginteresser. Det er også moglegheit til arbeid i barnehabiliteringa.
I stillinga inngår 8-delt bakvaktsordning med aktiv tid til 18 (14), deretter heimevakt med tilkalling.
Me er konkurransedyktige på løn.
Helse Fonna er i gong med ei omfattande utbyggjing av sjukehuset i Haugesund, som skal ferdigstillast i 2025-26. Nyfødd intensiv flyttar inn i nye flotte lokaler med moderne overvåkingsutstyr og gode familierom i oktober 2022. Neste byggetrinn inneheld ny barneavdeling, med m.a. rom for intermediærsenger. 

Barne- og ungdomsavdelinga deltar i desentral undervising av medisinarstudentar frå Universitetet i Bergen. Undervisingsoppgåvene blir delt mellom overlegane i seksjonen.

Velkommen til Haugesund!
Haugesund er ein by der du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund er ein by med mange opplevingar på menyen.
Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. Bergen når du på ca. 3 timar, medan Stavanger bare er 1,5 time unna med bil/buss. Haugesund har eiga lufthamn med fly til nasjonale og internasjonale destinasjonar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved barn sengeining, nyfødd intensiv og poliklinikk
  • Deltaking i undervising av LIS og medisinarstudentar
  • Overlegane går i 8-delt heimevakt, med aktiv teneste til 18:00 (kvardag) og 09:00 -14:00 (helg).

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning er eit krav
  • Relevant sjukehuserfaring vil bli vektlagt
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Trivs med teamarbeid
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Fleksibel og arbeidssam
  • Tåle høgt arbeidstempo i periodar
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt arbeidsmiljø
  • God moglegheit for fagleg utfordring og utvikling. Det blir gitt anledning til deltaking på kurs/kongressar med fri inntil 2 veker pr. år og dekking av utgifter inntil kr 20.000.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst for legar

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Anne Margrethe Øritzland
Tittel: Avdelingsleiar - barn
Telefon: 91875039
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Barneavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND