Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ønskjer du å bli vår nye kollega? 

Vi søkjer deg som ønskjer å  vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og
meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst
til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidelsar. 

Psykisk helsevern for barn og unge er sett saman av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon
med einingar i Molde og Ålesund. 

Vi har ledig fast overlegestilling for spesialist i barne-ungdomspsykiatri ved akutt- og utredningseininga i Ålesund. Ved fleire aktuelle søkere kan vi vurdere å ansette fleire. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.

Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære
plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund og arbeider for eit felles fagmiljø. Ein kan også få oppgåver knytta til poliklinikken.

Akutt- og utredninseininga tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og
til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der
kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og
individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).

Arbeidsdagane på akutteininga er varierte både i forhold
til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der
ein har rom for fagleg utvikling. 

Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og du vil jobbe tett saman
med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing
og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid,
informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

 

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i tverrfagleg behandlingsteam
  • Psykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisinering
  • Vegleiing/supervisjon av LiS
  • Ta del i legemøter saman med tilsette i poliklinikken i Ålesund, og i avdelinga sine legemøter
  • Undervisning
  • Medvirke i fagleg utviklingsarbeid for å møte framtida sitt behov for helsetenester

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri og gjerne med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdom
  • Søkjar som ikkje har fullført spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillinga
  • Må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og for forbetringsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Ha evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Ha evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Rekrutteringstillegg
  • Utvidet fri til faglig fordypning
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Beate Olsbø Nilsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70106700
E-post: beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund