Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Overlegar i Indremedisin og/eller Akutt- og mottaksmedisin med interesse for helse til sjøs

Er du erfaren lege med interesse for mottaksmedisin og har lyst til å kombinere individretta arbeid i Mottaksklinikken med samfunnsmedisinsk arbeid til sjøs?

Vi lyser med dette ut inntil 3 stillingar (100%) som overlege ved Mottaksklinikken i kombinasjon med stilling ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin. Tilsetjingsforholdet blir delt slik at ein har 50% stillingsandel ved kvar av einingane. Målet er å skape ein spennande arbeidskvardag av varierte oppgåver som bidrar til å styrke oppgåveløysinga i begge einingane.

Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansemiljø ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Våre aktivitetar inkluderer seleksjonsmedisinske utgreiingar for Sjøfartsdirektoratet, undervisning, rådgjeving, regelverksarbeid, forsking og fleire innovasjonsprosjekt. Senteret drifter dessutan den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Vi jobbar tett med Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret, Redningstenesta, Kystverket og Universitetet i Bergen. I 2025-26 vil senteret støtte Statsraad Lehmkuhl sitt prosjekt One Ocean II som inkluderer eit segltokt gjennom Nordvestpassasjen og rundt Nord-Amerika. Kombinasjonsstillingane i denne utlysinga vil inngå i dette prosjektet.

Mottaksklinikken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit særskild ansvar for primærvurdering/triage, initiere diagnostikk og behandling av ØH- pasientar, samt oppfølging av pasientar med høg hastegrad. Kortidsposten er for pasientar med avklarte problemstillingar og forventa kort liggetid. Diagnostisk senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk. I tillegg har vi ei eining for forsking og utvikling. Legane som arbeider i klinikken rotere mellom einingane slik at dei blir kjend med heile klinikken.

Det var ca 45 000 pasientar gjennom akuttmottak og nærare 13 000 ØH avdelingsopphald i sengeeiningane i løpet av 2023. Mottaksklinikken har overlegar med ei rekke ulike spesialitetar, samt overlegar med bistilling ved UiB og vi deltek i fleire store kliniske studiar.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid i Mottaksklinikken, inkludert deltaking i bakvakt
  • Telemedisinsk vaktteneste i Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, «Radio Medico» – telefonlegevakta for sjøfolk
  • Førebyggjande helsearbeid, saksutgreiing og rådgjeving
  • Undervising på kurs og konferansar
  • Fagutvikling og prosjektarbeid, inkludert redaksjonelt arbeid i «Mariners Medico Guide»
  • Forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har god fagleg kunnskap og innsikt
  • Evner å handtere og prioritere riktig i samtidssituasjonar
  • Bidrar aktivt til å oppretthalde kompetansen og er bevisst ansvaret som blir tillagt stillinga
  • Akademisk kompetanse og forskingsaktivitet blir vektlagd. Doktorgrad er ein fordel
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Arbeider systematisk og resultatorientert
  • Er ansvarsbevisst og har evne til gjennomføring
  • Er fleksibel og har fokus på løysingar
  • Er inkluderande og samhandlande
  • Er stødig, empatisk og robust i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit sjeldan høve til nybrottsarbeid i eit spanande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtalar
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Tarjei Nestegard
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 41313301
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Mottaksklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen