Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Radiologisk avdeling, seksjon Førde har ledig fast stilling som LIS3 radiologi. Tilsetting snarast/etter avtale. 

Radiologisk avdeling har tre seksjonar: Førde, Lærdal og Eid.

Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning/angio og mammografi knytt til BDS (Brystdiagnostisk senter). Vi gjennomfører om lag 70 000 undersøkingar og behandlingar årleg. Avdelinga har 70 tilsette, og av desse er 20 legar. 

LIS inngår i 6-delt vakt med overlege i bakvakt. Noverande arbeidsplan har avspaseringsveke kvar 6. veke.

Knytt til utdanninga er det samarbeid mellom sjukehusa i Helse Vest, slik at ein gjennom tenestetid i Helse Bergen vil oppnå alle læringsmål. Nytilsette, utan tidlegare erfaring frå radiologi, vil gå gjennom introduksjonsperiode der det er tett oppfølging frå overlegar. Her kan du sjå ein av våre flinke LIS fortelje litt om kvifor ho valde nettopp radiologi: https://yngreleger.no/artikkel/min-spesialitet-radiologi

Føretaket vil tilsetje dei best kvalifiserte søkjarane, og har eit mål om langsiktig rekruttering.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og pasientbehandling
  • Generell radiologi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, ønskjeleg med godkjend gjennomført turnusteneste (LIS1)
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Engasjert
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Rekrutteringstillegg
  • Hjelp med bustad
  • Godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus
  • IA- bedrift (inkluderande arbeidslivsbedrift) 

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.   

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Børge Stavland
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +47 57839393
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Svanahuagvegen 7
6812 Førde