Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Radiologisk avdeling Ålesund har ledig  stillingar for overlegar med spesialitet innan radiologi.
Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus søker fleire kollegaer med interesse for faget og som t!rivst med eit høgt arbeidstempo

Vi har ledig 2 faste stillingar, men det er også høve for midlertidig tilsetting om du ynskjer å arbeide ein periode hos oss. Ta gjerne kontakt så kan vi tar ein nærare prat om moglegheitene vi kan tilby. Startdato kan avtalast.

Radiologisk avdeling ved Ålesund sykehus har 20 legestillingar, der 8 er LIS og 12 er overlegar, og med eit stadig aukande behov for fleire radiologar. Avdelinga har ein god kombinasjon av unge og erfarne overlegar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som likar faglege utfordringar, er læringsvillig og kan medvirke positivt, både fagleg og sosialt, inn i legegruppa.

Avdelinga har høg produksjon og utfører diagnostikk innan modalitetane CT, MR, UL og konvensjonell røntgen, i tillegg til generell intervensjon CT og UL. Vi har ein topp moderne intervensjonslab der det blir gjennomført både generelle og avanserte intervensjonar som blant anna EVAR. Ålesund har også
brystdiagnostisk senter der vi utfører screening og kliniske undesøkelsar. Vi dekker på dagleg basis fagområde innan lunge, hjarte, urologi, gastro, gynekologi, muskel- og skjelett, barn, nevro/ØNH, og brystdiagnostikk. Overlegegruppa inngår i vaktsystem som generell bakvakt med heimevakt natt der LIS er tilstades på avdelinga 24/7.
Vi ønsker ein arbeidsplass som har høg fagleg kvalitet der dei tilsette er delaktig i utviklinga. Kurs og kongressar innanfor relevante fagområde er ein prioritet.

Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg til høge fjell og sjø, samt nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både inn- og utland. 
Sjå også: https://www.visitmr.com/ 

Virkar dette spennande? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!

'*I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du legg ved dokumentasjon på arbeidserfaring, referanser og spesialistgodkjenning. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som kjem fram i CV,  og til å fastsette lønn.
*Opplys i søknaden om du søker på fast stilling eller på midlertidig stilling.
*Vi tek sikte på å intervjue aktuelle kandidatar fortløpande etter kvart som søknadene kjem inn. For midleridig stilling vil fortløpande tilsettingar vurderast.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål rundt stillingane!

Helse Møre og Romsdal HF ønsker at medarbeiderane våre skal speile mangfoldet i begfolkninga. Vi oppmodar alle kvalifiserte til å søke hos oss, uavhengig av  kjønn, alder, funksjonsnedsetting, og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld dersom du har hatt eit opphald i arbeidslivet.

Arbeidsoppgåver

  • Generell radiologi, inkludert MR, CT og ultralyd
  • Vere ein aktiv pådrivar til fagutviklinga i samarbeid med kompetente og engasjerte kollegaer
  • Overlegar har bakvakt ca. kvar 6. helg, samt ei bakvakt på kveld annankvar veke (LIS har
    døgnkontinuerlig vakt)

Kvalifikasjonar

  •  Godkjent norsk spesialitet innan radiologi
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein positiv, motivert og engasjert kollega
  • Stort fagleg engasjement
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigensakapar som passar stillinga, vil bli lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Inge Lode
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 93676489
E-post: inge.lode@helse-mr.no
Navn: Tom Atle Solberg
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 97165755
E-post: Tom.Atle.Solberg@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Ålesund og Volda - legar, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund