Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Medan du ventar på turnusteneste: Er du klar for eit besøk i "Nevrologiens vakre botaniske hage" - på ei avdeling der dørene står åpne og der lukten av rykande fersk kaffe frå Moccamasteren på møterommet spreiar seg gjennom gangene....?

Velg deg eit fag som byr på nye behandlingsmetodar, med berøringsflater mot indremedisin og geriatri, dei andre "hode-hals-faga", ryggkirurgi og psykiatri - og eit spekter av sjukdomar som ein ofte påtreff i allmennpraksis. Anamnestisk detektivarbeid og klinisk undersøking gir deg diagnosa som vert underbygd av spinalpunksjon, nevrografi, EMG, EEG og biletdiagnostikk. Allmennlege etter turnus, eller tilbake til oss? Vi kan tilby deg ein god og lærerik start. 

Nevrologisk avdeling, Molde sjukehus, er einaste vaktberande nevrologiske avdeling i Møre og Romsdal, opptaksområdet er 270.000 innbyggjarar. Vi har slagseksjon med eigen seksjonsoverlege, samt KNF-enhet. 

Molde gir deg tilgang på både fjord, fjell og det urbane. 45 minutt med direktefly til både Oslo og Bergen, bynær flyplass. Sjukehuset ligg sentrumsnært, ingen pendling nødvendig. Eit moderne felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er innflyttingsklart på Hjelset ved Molde mai 2025, med bynær poliklinikksatellitt, tverrfagleg ryggpoliklinikk i eigne lokalar. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av nevrologiske sjukdomar i sengepost og dagpost, etter kvart også noko poliklinikk.
  • Avdelinga har 10-delt vaktordning for LIS3 (skal økes til 11-delt), 9-delt overlegevakt. Deltaking i vaktordninga kan bli aktuell etter ei vaktfri periode.
  • Du vil få innsikt i faget klinisk nevrofysiologi - kanskje ditt vegvalg på sikt?
  • Samarbeid med seksjonen sine fire kliniske nevropsykologar

Kvalifikasjonar

  • God norskkunnskap
  • Norsk autorisasjon som lege

Personlege eigenskapar

  • Systematisk, tydeleg og løysingsorientert - og ein god kollega.
  • Er du ferdig LIS, kan du også søkje her, men sjå eigen utlysning.

Vi tilbyr

  • Ein stabil LIS-stamme - god og trygg opplæring
  • Gode og gjenomarbeida tjenesteplanar - fordjupningsdag annakvar veke

Vil du gjerne bli betre kjend med oss før du seier ja? Då kan "omvendt intervju" med LIS hos oss gjere ditt valg enklare.

Vi tilbyr eitt års tilsetting til deg som ventar på turnusteneste slik at du har dette som ein god foutsetning for din turnussøknad.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Bernd Muller
Tittel: Seksjonsleder/overlege nevrologi
Telefon: +4791328053
E-post: bernd.muller@helse-mr.no
Navn: Rikke Bendixen
Tittel: Ass. seksjonsleder/LIS3
Telefon: +4745851037
E-post: Rikke.Bendixen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologiske leger og klinisk nevrofysiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 Molde