Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig 100% fast stilling for Lege i spesialisering innan Øre-Nese-Hals sjukdomar, med oppstart frå snarast.

ØNH-seksjonen har 5 overlegar og 4 LIS, og omfattar også hørselssentral og audiopedagogisk eining. Seksjonen dekkjer eit breidt kirurgisk spekter, bl.a. mellomørekirurgi, bløtdelskirurgi, nese-bihule operasjonar, larynks og plastisk ansiktskirurgi. Det finnst eit tett samarbeid med barneavdeling herunder
barne/nyfødtintensiv
og kreftavdeling. 

LIS har eiga vaktordning. Det er lagt opp til at LIS får utvikle ferdigheiter i heile faget si bredde.
Utdanningsløpet er lagt i kooperasjon med ØNH-avdeling ved St. Olavs universitetssjukehus i Trondheim.

Ved interne omrokkeringar og endringar kan andre stillingsbrøkar verte ledige. Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på poliklinikk
  • Sengepostarbeid
  • Operasjonar i lokal- og generell anestesi
  • LIS har eigen vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring vil ha stor vekt, men opplæring vil bli gitt
  • God muntleg og skriftleg norskkunnskap
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er strukturert og imøtekomande
  • Du er pasientorientert
  • Du er engasjert
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Vi tilbyr

  •  Godt arbeidsmiljø
  •  Høgt fagleg nivå
  •  Sterkt tverrfagleg samarbeid
  •  Ein inkluderande arbeidsplass
  •  Løn etter gjeldande overeinskomstar
  •  Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Velkommen til Jugendbyen Ålesund!
Ålesund kan tilby urbant kafeliv, nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommer og vinter. Toppturar i Sunnmørsalpane, padling i havgapet, rikt kulturliv med konsertar og festivalar. Sjå meir her.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Monika Dahl Berget
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 70105271
E-post: Monika.Berget@helse-mr.no
Navn: Lars Friedrich Duwe
Tittel: Sekjsonsoverlege
Telefon: 70105271
E-post: Friedrich.Duwe2@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
ØNH Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund