Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

"Nevrologiens vakre botaniske hage" - avdelinga der "dørene står åpne" - lukt av rykande fersk kaffe frå Moccamasteren på møterommet....

Du er nysgjerrig, analytisk og med eit godt fagleg skjøn. Velg deg difor eit fag som byr på nye behandlingsmetodar, med berøringsflater mot indremedisin og geriatri, dei andre "hode-hals-faga", ryggkirurgi og psykiatri - og eit spekter av sjukdomar som ein ofte påtreff i allmennpraksis. Anamnestisk detektivarbeid og klinisk undersøking gir deg diagnosa som vert underbygd av spinalpunksjon, nevrografi, EMG, EEG og biletdiagnostikk. 

Nevrologisk avdeling, Molde sjukehus, er einaste vaktberande nevrologiske avdeling i Møre og Romsdal, opptaksområdet er 270.000 innbyggjarar. Vi har slagseksjon med eigen seksjonsoverlege, samt KNF-enhet. 

Molde gir deg tilgang på både fjord, fjell og det urbane. 45 minutt med direktefly til både Oslo og Bergen, bynær flyplass. Sjukehuset ligg sentrumsnært, ingen pendling nødvendig. Eit moderne felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er innflyttingsklart på Hjelset ved Molde mai 2025, med bynær poliklinikksatellitt, tverrfagleg ryggpoliklinikk i eigne lokalar. 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av nevrologiske sjukdommar i sengepost og poliklinikk/ dagpost der du etter kvart får ditt eige "fordjupningsemne".
  • Avdelinga har 10-delt vaktordning for LIS3 (skal økes til 11-delt), 9-delt overlegevakt.
  • Du vil få innsikt i faget klinisk nevrofysiologi - kanskje ditt vegvalg på sikt?
  • Samarbeid med seksjonen sine fire kliniske nevropsykologar
  • Er deltaking i avdelinga si forskningsaktivitet noko for deg?

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomfør turnustjeneste/LIS1

Personlege eigenskapar

  • Systematisk, tydeleg og løysingsorientert - og ein god kollega
  • ALIS med interesse for nevrologi? Då er du velkomen til å søkje, ein ALIS i seksjonen til eikvar tid er ein fagleg styrke.
  • Sjå eigen annonse hvis du framleis ventar på turnusteneste.

Vi tilbyr

  • Individuelt tilpassa opplæringsperiode utan vakt.
  • Gode og gjennomarbeida rullerende tjenesteplanar. Fordjupningsdag annakvar veke.
  • En arbeidskvardag som tillet lunsjpauser og tid til å vere a jour.
  • Er du vår nye kollega som vi ynskjer å ha med på laget? "Habemus papam" tyder for oss at vi tilset fortløpande.
  • Oppstart etter avtale. Gjerne etter 1. september, eller før.

"Omvendt intervju" med ein av våre LIS3 kan være bra for deg som gjerne vil vite litt meir om oss før du seier ja?

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Bernd Muller
Tittel: Seksjonsleder/overlege nevrologi
Telefon: +4791328053
E-post: bernd.muller@helse-mr.no
Navn: Rikke Bendixen
Tittel: Ass. seksjonsleiar/LIS3
Telefon: +4745851037
E-post: Rikke.Bendixen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologiske leger og klinisk nevrofysiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 Molde