Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Er du ein engasjert og dyktig lege som ynskjer å jobbe i ein kommune med fokus på fagleg utvikling og fagleg tryggleik? Bømlo kommune har to ledige stillingar ved våre legekontor. Me leiter etter legar som har interesse for allmennmedisin og trivst i ein variert arbeidskvardag. Som fastlege i Bømlo får du ein fleksibel arbeidsstad og gode vilkår.

I Bømlo kommune er det i dag fire legekontor, og mot slutten av 2024 vil me åpna Øyane helsehamn, eit heilt nybygga lokale på Svortland. Alle kontora er drifta av kommunen, slik at du slepp blant anna arbeidsgjevaransvar, IKT oppfølging og innkjøp av naudsynt utstyr. Me har legar både på 8.2 avtalar og fastlønna og dine ynskjer for vidare driftsform vert vektlagt. For ALIS tilbyr me strukturert rettleiing, og me har inngått samarbeid med ekstern aktør om rettleiingsplattform med tilgang til fagressursar slik at du lettare skal forstå og få oppfylt læringsmål.

Me veit at livet kjem i ulike livsfasar, og ynskjer ein samtale med deg i forhold til driftsform og listestorleik. Bømlo Kommune tilbyr ALIS avtale med fri med lønn til kurs i utdanningsløpet, og dekka utgifter utover det som dekkast av Utdanningsfond II. For fastlønna er det gode sjuke- og pensjonsrettar.  

Stillingsinformasjon:
Kystlegane: Fastlege som har gått av med pensjon, omlag 900 pasientar
Bremnes Legesenter: Vikarliste, 600 pasientar

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
  • For fast stilling ALIS er det krav om fullført LIS1. Nyutdanna legar med lisens kan bli vurdert for mellombels tilsetting inntil 1 år
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Det er ynskjeleg med førarkort klasse B, og disponering av eigen bil
Nokre av arbeidsoppgåvene som skal utførast:
  • Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova
  • Kommunal bistilling andre allmennfaglige oppgåver, opptil 20%
  • Legevakt i veldriven interkommunal legevakt, omlag 2-4 legevakter/månad
  • Forventning om at ikkje-spesialist går gjennom strukturert rettleiingsløp for å bli spesialist i allmennmedisin
Personlege eigenskapar
  • Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt. Me ynskjer at du:
    • Har gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
    • Har evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig
    • Framstår positiv, fleksibel og påliteleg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
  • Spanande arbeidskvardag med allsidig erfaringsbygging og kompetanse innan feltet allmennmedisin
  • ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin.
    • God vegleiing frå spesialist,
    • Fri med lønn til naudsynte kurs og dekking av kursutgift utover Utdanningsfond II.
    • Ekstern rettleiarportal med tilgang til fagressursar knytt til dei ulike læringsmål
  • Løn og andre vilkår etter avtale
    • Fastlønn eller næringsdrift etter ditt ynskje
    • Avspaseringsdagar som kompensasjon for overtid for fastlønna.
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
  • Ved Bremnes Legesenter er det innarbeidd jamleg internundervisning, og me arbeider med å få tilbydd dette for alle kontor
  • Administrativ tid for papirarbeid
  • Kommunale oppgåver etter nærare avtale
  • Arbeid ved Sunnhordland interkommunale legevakt med omlag 3 vakter pr. månad
Andre opplysingar: 
  • Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato
  • Ein må oppgje HPR-nr. i søknad
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga ta gjerne kontakt med verksemdsleiar Monica eller kommuneoverlege Anne Marit for ein uforpliktande samtale.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Legetenesta, Bømlo
Kontaktpersoner
Navn: Monica Tofte Amundsen
Tittel: Verksemdsleiar
Telefon: 402 24 040
E-post: monica.tofte.amundsen@bomlo.kommune.no
Navn: Anne Marit Særsten Halvorsen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 975 49 292
E-post: amsh@bomlo.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kystlegane
Kyrkjegardsvegen 6
5430 BREMNES
Søk på stillingen
Mer om arbeidsgiver

Bømlo er ein landfast øykommune med over 12.000 innbyggjarar, sentralt plassert mellom Bergen og Sta...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image