Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Velkomen til å søka stilling ved Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger! Vi har ledig eit eittårig overlegevikariat innan pediatrisk gastroenterologi. 

Kven er vi?

Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge og poliklinikk. Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18.000 konsultasjonar/år.

Vi har 42,5 legestillingar korav 19,5 er overlegestillingar tilknytta born/ungdom. Overlegane er fordelt i fleire faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team.

Gastroseksjonen har ein IBD-dagpost, og ein samarbeidar tett med gastroenterologisk avdeling spesielt rundt ungdomspopulasjonen med IBD. Legane tilknytta gastroteamet jobbar i tverrfaglege spiseteam. Ved BUK er det etablert eit kvalitetsregister for funksjonelle mage- og tarmsjukdomar hos born, og det pågår eit spanande prosjekt for utvikling av digital poliklinikk med bruk av Checkware spørjeskjema. Innsamling av data pågår, og det vil vera moglegheit for vidare prosjektarbeid og forsking knytta til dette nybrottsarbeidet.

BUK underviser medisinstudentar frå Universitetet i Bergen og frå hausten -25 medisinstudentar tilknytta Vestlandslegen (siste 3 år av studiet ved UiB blir utført i Stavanger). BUK har eit aktivt forskingsmiljø som involverer mange av legane, både LIS og overlegar. 

Kva tilbyr vi?

Hos oss inngår du i eit triveleg arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar med eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar. Du får gode moglegheiter for utvikling og forsking. Du blir del av eit svært hyggeleg kollegium, med mange sosiale treff. Vi tilbyr deltaking i 12-delt bakvaktsjikt, med anten fri kvar 12. veke eller avspaseringsdagar fordelt jamnt utover i turnusen. Det er mogleg å ha redusert UTA om det er ønskeleg. Kursdeltaking i henhold til tariffavtale (inntil 10 dagar per år), og vi oppfordrar legane til å delta i nasjonale barnelegemøte, interessegrupper o.l.  Det er ønskeleg at alle overlegar tar veiledningskurs og dette blir tilbydd om ein ikkje har det frå før.

Stavanger er ein triveleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg på vatnet eller i fjellet.

Praktiske forhold:   

Pga. permisjon lyser vi ut eit 12 mndr overlegevikariat tilknytta faggruppe gastroenterologi. Vikariatet er ledig frå april -24, tidspunkt for oppstart kan drøftast. Det vil vera moglegheit for forlenging. Ved intern tilsetjing kan det bli ledige vikariat. 

Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Attester, referansar og eventuell annan relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden. 

Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål! 

Arbeidsoppgaver

  • Arbeidsoppgåver vil omfatta arbeid ved sengepost, dagpost, poliklinikk, spiseteam og andre tverrfaglege samarbeidsmøte. Vaktarbeid i p.t. 12-delt sjikt (bakvakt). 
  • Legen deltar i avdelinga sitt undervisningsprogram, i supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering, i studentundervisning samt i faggruppe gastro.

Kvalifikasjoner

  • Vi søker primært etter spesialist i pediatri. LIS med kort tid igjen til spesialitet kan også vurderast for stillinga. Resterande tenestetid og etterspurt kompetanse må i så fall oppgjevast i søknaden.
  • Det er ønskeleg med interesse for/kompetanse i pediatrisk gastroenterologi i tillegg til generell pediatrisk erfaring. Søkar deltar i bakvaktsjikt barn/ungdom. 
  • Søkar må ha norsk autorisasjon.
  • Søkar må beherska norsk skriftleg og munnleg svært godt. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må min. ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • Fagleg engasjement og god vurderingsevne.
  • Evne til å prioritera, vera tydeleg og ta avgjerder.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med kolleger og pasienter. 
  • Evne til å arbeida strukturert, effektivt og målretta.
  • Evne til både å jobba sjølvstendig og tverrfagleg i team.
  • Søkar må vera ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
  • God pensjons- og forsikringsordning.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv(IA)-bedrift.
  • Gode velferdsordningar som turgruppe og bedriftidrettslag.

Mangfoldserklæring
Foretaksgruppen i Helse Vest ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det samme gjelder dersom man har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppen Helse Vest ønsker å legge til rette for et inkluderende rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: +47 51 51 34 79
E-post: ann.marit.gilje@sus.no
Arbeidssted
Kvinne- og barneklinikken / avdeling Barne- og ungdomsklinikk / Barneklinikken leger, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger
Mer om arbeidsgiver

Ønsker du å gjøre en forskjell på et av landets største sykehus? Stavanger universitetssjukehus tren...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image