Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Seksjonen har spesialistar i generell kirurgi, gastrokirurgi, urologi og plastikkirurgi. Vi ønskjer i første rekkje spesialist i gastrokirurgi. Urolog og generell kirurg kan og søkje.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. 

Kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Molde er i vekst. Vi har fokus på eit høgt fagleg nivå og på trivsel på arbeidsplassen. Molde sjukehus og Kristiansund sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025.  Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. På veg mot nytt sykehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette.  Arbeidsstad er ved Molde sjukehus. Når det nye sjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.

 

Arbeidsoppgåver

  • Behandle pasientar med sjukdommar i øvre og nedre del av mage, tarm-regionen inkludert coloncanser og stomioperasjonar
  • Deltakelse i gjeldende vaktordning, for tiden 6-delt bakvaktsordning med LIS1 og LIS2 i tilstedevakt heile døgnet (planlagt redusert til 7-delt)
  • Opplæring av kolleger i utdanningsstillinger

Kvalifikasjonar

  • God vurderingsevne, og ha forståing for kva type pasientar som bør opererast
  • Følgje opp pasienten på ein tilfredsstillande måte
  • Ha godt samarbeid og god kommunikasjon rundt den kirurgiske pasienten

Personlege eigenskapar

  • Ha ambisjonar for fagleg utvikling og forsking for å vere oppdatert både på legevitenskap og teknologi.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Bjørnar Solevåg
Tittel: Seksjonsleiar(lege)
Telefon: 047 71120000
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde