Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ønskjer du ei spennande spesialisering med persontilpassa medisin og digitalisering i fokus? Då kan dette vere stilling for deg. 

Patologiavdelinga er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. Vi utfører eit stort spekter av diagnostikk, med bruk av analyser frå klassiske mikroskopteknikkar til molekylære analyser, samt obduksjonar. Vi er langt framme i digitalisering, og nyttar digital patologi der mesteparten av gransking no vert gjort på skjerm i staden for i mikroskop. Med digital patologi samhandlar vi også med resten av fagmiljøet i Helse Vest. Vi startar no opp med ny diagnostikk for persontilpassa medisin. Neste generasjons sekvensering (NGS) analyserer arvestoffet til kreftcellene for å avdekke molekylære endringar med konsekvens for behandling.  

Som medarbeidar hos oss, vert du del av eit godt fagmiljø med varierte arbeidsdagar. Våre LIS-legar jobbar i tett samarbeid med våre overlegar, og resten av avdelinga for å sikre presis diagnostikk og tilpassa behandling for pasientane. Arbeidstid er dagtid, som gir tilrettelegging for god "work-life" balanse. Avdelinga har for tida seks overlegestillingar og to stillingar som lege i spesialisering. Vi deltek i regionale og nasjonale prosjekt, mellom anna knytt til Patologi i Vest og NorPrem.

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kysten og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekk seg frå kunst til konsertar. 

Vi søkjer ein ansvarsbevisst person med interesse for patologifaget som har evne til å arbeide godt i team, tileigne seg kunnskap og arbeider nøyaktig og effektivt. Stillinga legg opp til eit utdanningsløp med hoveddel av LIS-utdanning ved Førde sentralsjukehus og tilleggsutdanning på Haukeland universitetssjukehus. 

Arbeidsoppgåver

  • LIS får delta i diagnostisk arbeid med vevsprøver, celleprøver og obduksjonar 
  • Deltaking i undervisning og prosjekt ved avdelinga 
  • Arbeidstid er dagtid kl. 08.00-16.00. Ved behov kan fleksibel arbeidstid tilretteleggast. 

Kvalifikasjonar

  • LIS lege skal ha norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1 
  • Kunnskap innan dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi 
  • Relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring tel positivt 
  • Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller skandinavisk munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner 
  • Vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap 
  • Evne til å arbeide ansvarleg, nøyaktig og effektivt 

Vi tilbyr

  • Personleg rettleiing og individuelt tilpassa utdanningsprogram 
  • Rekrutteringstillegg 
  • Triveleg arbeidsmiljø 
  • Moglegheit for individuelt tilpassa arbeidstid 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Fagleg og personleg utvikling 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Tonje Bøyum Riste
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 918 06 787
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for patologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde