Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?

Instiuttleiar ved Klinisk institutt 2
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fagleg spanande og utfordrande åremålsstilling (4 år) som instituttleiar (professor) ved Klinisk institutt 2 frå 01.05.2024 eller etter avtale.

Klinisk institutt 2 er eitt av fem institutt ved fakultetet. Den faglege porteføljen er brei, og spenner over mange av dei medisinske spesialitetane. Instituttet har om lag 380 tilsette, derav om lag 70 personar i vitskaplege hovudstillingar og 80 i bistillingar som professor eller førsteamanuensis. Samla budsjett ligg på omlag 220 millionar kroner, der ca. 120 mill. er ekstern finansiering. Instituttadministrasjonen gjev administrativ støtte til fagmiljø innan studieadministrasjon, økonomiforvaltning, prosjektstyring, forskingsadministrasjon og forskarutdanning.

Instituttet held til på universitetscampus ved Haukeland universitetssjukehus og har eit nært samarbeid med sjukehuset. Instituttet er delt inn i 21 forskingsgrupper og 17 undervisningsgrupper og har ansvar for å drive fire av fakultets kjernefasilitetar (genomikk, flowcytometri, metabolomikk og Forskningsenhet for helseundersøkelser) samt fakultetets ferdigheitssenter.

Instituttet driv medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå. Instituttet har viktige oppgåver innan legeutdanning, mastergrads- og doktorgradsutdanning.

Dersom ekstern søkjar vert tilsett, vil ein inngå avtale om ordinær professorstilling etter gjennomførte åremålsperiodar.

Arbeidsstad er Klinisk institutt 2, Laboratoriebygget, Haukeland universitetssjukehus.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å:
  • leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategien til fakultetet og Universitetet i Bergen
  • representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • bidra til å auke ekstern finansiering
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
  • ha ansvar for instituttet sin økonomi
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar
  • arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer ein instituttleiar som:
  • har gode leiareigenskapar, og kan vise til resultat
  • har erfaring/ røynsle frå forskings- og utdanningsleiing
  • har kompetanse som professor i eitt av fagområda ved instituttet (eller nærståande fagfelt).
  • har evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål
I tillegg blir det lagt vekt på:
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil
  • perspektiv på forsking og utdanning nasjonalt og internasjonalt
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape tillit internt og eksternt.
  • gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga som professor, sjå retningslinjer for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring  
  • personlege eigenskapar vert vektlagt
Det vil bli lagt til rette for at den som får stillinga kan ha relevant bistilling utanfor Universitetet i Bergen. Det er eit ynskje at leiarskapet vert kombinert med eiga forskingsaktivitet. Universitetet i Bergen, og Det medisinske fakultet kan tilby eit konkurransedyktig fagmiljø og ein infrastruktur og utstyrspark, som er i internasjonal klasse. Vi legg til rette for instituttleiar sin forskingsaktivitet og leiarutvikling. Eit nært samarbeid med helseføretaka og primærhelsetenesta er av stor verdi for vår forskings- og undervisningsaktivitet.

Vi tilbyr:
  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn er for tida kr  1 050 000 – 1 150 000 (kode 1475). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan høgre løn verte vurdert.
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
Til instituttleiarstillinga er det og knytt midlar til ei stipendiat eller ei postdoktor stilling.

Søknaden skal innehalde:
  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå utfyllande informasjon på Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i passande format (pdf) som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: dekan Per Bakke, telefon +47 55 58 20 87/99204032, e-post per.bakke@uib.no eller fakultetsdirektør Synnøve Myhre, telefon +47 55 58 44 51/934 84 614, e-post: synnøve.myhre@uib.no

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Universitetsstillinger
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Klinisk institutt 2
Kontaktpersoner
Navn: Per Bakke
Tittel: Dekan
Telefon: 55 58 20 87 / 992 04 032
E-post: per.bakke@uib.no
Navn: Synnøve Myhre
Tittel: Fakultetsdirektør
Telefon: 55 58 44 51 / 934 84 614
E-post: synnøve.myhre@uib.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Det medisinske fakultet
Haukelandsveien 28
5009 BERGEN