Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Voss sjukehus, har ledig 2 faste stillingar for lege i spesialisering, LIS 2, i indremedisin frå 01.09.2024. Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Voss sjukehus har utdanningsansvarleg overlege og Medisinsk avdeling har strukturert LIS 2 utdanning i samarbeid med Helse Bergen og Haukeland universitetssjukehus. 

Vi er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Voss sjukehus har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank, og full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Vi er lokalsjukehus for omlag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem pasientar vi avlastar Haukeland universitetssjukehus for og andre pasientar som blir henvist til oss. Voss sjukehus har hatt aktivitetsvekst og ønskjer å fortsette den positive utviklinga ved hjelp av akkurat deg!

Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko, men bygda har også eit rikt og variert kulturliv med mange ulike arrangement i løpet av året. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Å bu og jobbe på Voss

Arbeidsoppgåver

  • Du deltar for tida i 8-delt vaktplan
  • Visitt
  • Poliklinikk
  • Rettleiing av LIS1
  • Den som blir tilsett som lege i spesialisering (LIS), vil få ein personleg rettleiar og tar del i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kurs

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2-stilling i generell indremedisin
  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg samt ha god skriftleg dokumentasjonsevne
  • Det vil bli lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende, og kan delegere oppgåver og følgje opp desse.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø 
  • Mogleigheit for å bu i ei bygd full av historie, kultur og spennande attraksjonar for einkvar smak. 
  • Voss sjukehus vil kunne hjlpe til med passande bustad. 


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Turid Fjose
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56533500
E-post: fjot@ihelse.net
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5700 Voss