Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Haram kommune - vil du vere med å bygge ei ny kommune?
Haram kommune søkjer etter kommuneoverlege i 50 % stilling. Stillingen er plassert i fagstab i kommunalområde livsløp, med kommunalsjef som næraste overordna. Her jobbar du saman med tenesteleiarar innan kommunalområdet vårt, i tillegg til andre tilsette i fagstab til kommunalsjef. 

Livsløp er eit eige kommunalområde der ein samlar fleire tenester, som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggarar der det er naudsynt, og består av tenesteområde: 
  • Koordinering og tildeling
  • Psykisk helse og rus
  • Helsestasjon og jordmor
  • Pedagogisk fagsenter
  • Ressursbase
  • Integrering
  • Barnevern
  • NAV
  • Ergoterapi, fysioterapi og lege
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv med fokus på tidleg innsats.

Arbeidsoppgåver
Ansvarsområda til kommuneoverlegen
Kommuneoverlegestillingen tek vare på viktige samfunnsmedisinske oppgåver innan førebyggjande arbeid, folkehelse, smittevern og miljørettet helsevern.
  • Medisinskfaglig rådgiving og rettleiing
  • Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta, fastlegane og spesialisthelsetenesta
  • Bidra i kommunalt planarbeid der dette er naturleg
  • Hastekompetanse på kommunens vegner innan miljørettet helsevern, psykisk helsevern, smittevern og helsemessige beredskap ut frå lov og delegasjon
  • Saksbehandling og utarbeiding av politiske saker
  • Kvalitetssikring og tilsyn, rådgiving i samband med klagehandtering
  • Delta i beredskapsarbeid
  • Rådgivning inn i og forvaltning av legetjenestene kommunen
  • Råd og rettleiing til tenesten av rettleiing av LIS1 og LIS3/ALIS
  • Om ønskjeleg kan det leggjast til rette for kommunale legeoppgåver

Kvalifikasjonar
  • Offentlig godkjend lege med norsk autorisasjon
  • Relevant erfaring
  • Spesialutdanning innan samfunnsmedisin, eller villig til å ta utdanninga
  • Førarkort kl. B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne blir vektlagd
  • Krav om norskkunnskapar B2 nivå

Personlege eigenskapar
  • Personleg eignaheit for stillinga vil bli lagt stor vekt på
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling av kommunen
  • Kunne arbeid sjølvstendig, målretta og strukturert.
  • Interesse for kvalitets - og utviklingsarbeid
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid.
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv framtoning
  • God arbeidskapasitet
  • Ansvarsbevisst, innovativ og handlekraftig

Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg
  • Utfordrande oppgåver i ein organisasjon som skal byggjast, med stort potensial og kompetente kollegaer
  • Mogelegheit for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Haram kommune
Fagstab
Kontaktpersoner
Navn: Frode Bøe Hatlelid
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 92243788
E-post: frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no
Navn: Ove Økland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 90043790
E-post: ove.lars.okland@haram.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Tenestehuset
Strandgata 40
6270 BRATTVÅG