Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga og arbeidsoppgåver
Barnesakkyndig kommisjon (BSK) skal bidra til god fagleg standard på rapportar frå uavhengige sakkunnige. Først når ein rapport er vurdert av kommisjonen, kan han gi grunnlag for særlege tiltak etter barnevernslova eller leggjast til grunn i ei foreldretvistsak for domstolen etter barnelova. BSK er ein uavhengig og landsdekkjande kommisjon. 

BSK består i dag av ein kommisjonsleiar og 19 kommisjonsmedlemmer. Statens sivilrettsforvaltning utøver sekretariatsfunksjonar for kommisjonen. 

Kommisjonsmedlemmene skal utføre arbeidet frå der dei bur, og sakshandsaminga skjer elektronisk. Arbeidsmengda vil variere, men det må som utgangspunkt reknast ca. 5 – 10 timar arbeid i veka. Arbeidet blir betalt per time etter gjeldande salærsatsar. 
Medlemmene vil få opplæring. Det vil jamleg bli halde faglege samlingar.

Kommisjonen blir oppnemnd for ein periode på fire år. Oppstart er frå 1. september 2024

Kvalifikasjonar
Kommisjonens medlemmer skal ha relevant fagleg kompetanse innanfor kommisjonens ansvarsområde. Ein søkjar bør vere psykologspesialist eller psykiater med relevant spesialisering. Medlemmene skal ha høg fagleg og personleg integritet. God rolleforståing blir vektlagt.

I samansetninga av kommisjonen skal det leggjast vekt på at kommisjonen samla sett har brei klinisk, vitskapleg og sakkunnig erfaring (jf. forskrift om Barnesakkyndig kommisjon § 2).

Søkjarar bes opplyse om deira erfaring med sakkunnigarbeid er knytt til barnevern- eller barnelovsaker, eller begge område.
Vi ser etter deg som er fleksibel, effektiv, har stor arbeidskapasitet og er fortruleg med elektroniske arbeidsprosessar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

I tillegg til fagleg samansetning skal det ved oppnemning takast omsyn til kjønn, geografisk tilhøyrsle og etnisk bakgrunn.

Andre opplysningar
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk til jobbnorge innan 02.04.2024.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om dei har bede om å bli handsama konfidensielt . Søkjarar vil i so fall bli varsla før offentleggjering.

Det kan vere aktuelt å innhente referansar. 

Det er Barne- og familiedepartementet (BFD) som oppnemner medlemmer til kommisjonen.

Har du spørsmål?
For meir informasjon om BSK, sjå nettsidene til Statens sivilrettsforvaltning, www.sivilrett.no/bsk

Viss du har spørsmål, kan du kontakte  kommisjonsleiar Frida Rø Gullestad på telefon 408 67 455, alternativt sekretariatsleiar Martine Bakken Miller på telefon 22 99 13 54.  
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Statens sivilrettsforvaltning
Barnesakkyndig kommisjon
Kontaktpersoner
Navn: Frida Rø Gullestad
Tittel: Kommisjonsleiar
Telefon: 408 67 455
Navn: Martine Bakken Miller
Tittel: Sekretariatsleiar
Telefon: 22 99 13 54
Arbeidssted
Holbergs gate 1
0166 OSLO