Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Voss sjukehus er del av Helse Bergen HF og har eit tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Vi søkjer ein leiar til eit veldrive lokalsjukehus som del av universitetssjukehuset med  fokus på kontinuerleg utvikling og forbetring. Du har god innsikt innan spesialisthelsetenesta, eit breitt samfunnsperspektiv, vektlegg tverrfagleg arbeid og brukarmedverking.  

Dei tilsette er vår viktigaste ressurs. 

Du vil leie og utvikle eit sjukehus med kompetente og sjølvstendige tilsette. Og i framtida må vi lukkast med å gje innbyggarane våre gode tenester med betre bruk av ressursane enn i dag. Du må evne å løfte blikket og tenke strategisk samtidig som operative mål handterast og dei tilsette trivst, med ønske om å forbetre sjukehuset for framtida. 

Vi legg stor vekt på samarbeid med tenester og tilbod i kommunane. Dette arbeidet er du som direktør ved Voss sjukehus ein pådrivar i å vidareutvikle, i tråd med dei helsepolitiske føringane. 

Om Voss sjukehus 
Voss sjukehus har rundt 450 tilsette på 290 årsverk. Nokre avdelingar som til dømes radiologi, psykiatri og ambulanse er organisert under andre einingar i Helse Bergen og kjem i tillegg. Vi har eit årsbudsjett på om lag 380 millionar kroner. Les meir om Voss sjukehus og her kan du lese meir om korleis det er å bu på Voss.

Vi søker deg som vil vidareutvikle det gode arbeidet ved Voss sjukehus 

Voss sjukehus er eit lokalsjukehus og har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, føde, gynekologi og ortopedi. 
Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar samt pasientar frå Bergen og kommunar i Sogn og Hardanger. 
Samstundes har Voss sjukehus tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus.

Som direktør for Voss sjukehus vil du rapportere til administrerande direktør i Helse Bergen og vere ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.   

Arbeidsoppgåver

  • Sikre rett utvikling av aktivitet gjennom medisinsk prioritering
  • Vere ein aktiv bidragsytar for å legge til rette for vår felles helseteneste
  • Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønske om kontinuerleg å forbetre eigen arbeidskvardag
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål 

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning på masternivå
  • God relevant leiarerfaring med leiing av mål og strategiarbeid
  • Leiarutdanning/-kurs
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar 
  • God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar 
  • Erfaring frå leiing av forskingsdriven utvikling og innovasjon
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular  

Personlege eigenskapar

  • Inspirerande, involverande og handlekraftig
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne 
  • Resultat, økonomi- og organisasjonsforståing 
  • Strukturert og planmessig i arbeidet 
  • Robust med evne til å være tydeleg og synleg  
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla 
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft  

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Tove Huse Bjerkevoll
Tittel: Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon: 48073834
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Helse Bergen HF - Haukeland universitetssjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss