Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om legekontoret:

Brattvåg legekontor har seks fastlegeheimlar og ein turnuslege. Per i dag er det ein fast tilsett lege ved kontoret. Dette er ein svært erfaren spesialist i allmennmedisin. Rettleiar for ALIS heldt til i nabobygda og vil vere tilstade på kontoret ved fast rettleiing.
Kontoret er kommunalt drive med erfarent og stabilt hjelpepersonell. Kontoret har flotte moderne fasilitetar og legekontoret ligg i tenestehuset i Brattvåg som var nyopna hausten 2019.
Haramsøy legekontor har to fastlegeheimlar med to svært erfarne spesialistar i allmennmedisin som driv sjølvstendig næringsdrift med 8.2 avtale. Ein av legeane ønskjer å pensjonere seg, og ein ser derfor etter erstattar. Ein kan velje mellom å overta praksis eller fast tilsetting. Stilling er ledig frå medio august. 
Kontoret er kommunalt drive med erfarent og stabilt hjelpepersonell. Kontoret ligg på Haramsøya. 
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommuna er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester.

Kommunen tilbyr:
  • Varierte og overkomelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår.
  • Du kan velje mellom fast tilsetting med 30% bonus av eigenandelar og refusjonar eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8,2-avtale. 
  • Du vil få ei eiga fastlegeliste der kommunen kan gjer individuelle tilpassingar saman med deg. 
  • Listestorleik på 800 – 900 pasientar ved full kurativ stilling for ALIS, og moglegheit for mindre liste ved start av ALIS-løp. 
  • Ingen good will ved overtaking av liste til privat næringsdrift. 
  • Basistilskot for makstak ved null-liste ved næringsdrift.
  • Fleksibilitet for søkjars ynskje om eigne tilpassingar ved tilsetjing.
  • Interkommunal legevakt på kveld og helg. 2-4 vakter pr mnd. Døgnbemanna av erfarne sjukepleiarar. Dei fleste av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar
  • Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin. Kommunane samarbeider om å legge til rette for at ALIS i Haram vil kunne ta institusjonstenesta ved ØHD om ein ønsker det.
  • ALIS-avtale
Kommunen nyttar CGM-journalsystem og er tilknytt norsk HelseNett. Det er månadlege kollegamøter med fagleg innhald og diskusjon av det som opptek legane. Dette er teljande som smågruppepraksis for ALIS og spesialist.

Etter avtale mellom legen og Haram kommune kan legen pliktast til offentleg arbeid på inntil 20 % stilling, med minimum 6 mnd. varsel. 
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 i Noreg
  • Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller villig til å starte spesialiseringsløp
  • Gode kommunikasjon -og samarbeidsevner
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
  • Personleg eignaheit for stillinga vil bli lagt stor vekt på
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv framtoning
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr
  • Løn etter avtale - anten fastlønn med 30% bonus av eigenandelar og refusjonar eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8,2 avtale
  • ALIS-avtale
  • Sjølvstendig arbeid med faglege utfordringar
  • Varierte og utfordrande oppgåver
  • Tilrettelegging for etter- og vidareutdanning
Det er moglegheit for at stilling evt. kan kombinerast med 50% stilling som kommuneoverlege. Fint om du merkar søknad om ein ønskjer seg til Brattvåg eller Haramsøya, eller om ein ønskjer stilling som kommuneoverlege. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Haram kommune
Kontaktpersoner
Navn: Espen Ervik
Tittel: Tenesteleiar
Telefon: 41007299
E-post: espen.ervik@haram.kommune.no
Navn: Frode Bøe Hatlelid
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 92243788
E-post: frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Brattvåg legekontor
Strandgata 40
6270 BRATTVÅG