Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Det er ledig fastlegeavtale ved Jæren legesenter frå 01.08.24
Jæren legesenter er eit veldrive og stabilt legekontor med 6 heimlar lokalisert i Kleppe sentrum. Det er eit særs godt miljø med gode arbeidsforhold og erfarne medarbeidarar. Legekontoret bruker Pridok journalsytem. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin. Me har  LIS1-lege halve året. 

Lista som blir ledig har 880 pasientar. Dei økonomiske vilkåra knytta til praksisen vert avtalt direkte med Jæren legesenter.

Arbeidsoppgåver
Fastlegearbeid
Offentlege oppgåver kan bli pålagt med inntil 7,5 timar pr. veke.
Ein deltek i 36-delt interkommunal legevakt med Time kommune lokalisert i Klepp sentrum ettermiddag/kveld og helg, og med Hå og Time kommunar lokalisert på Bekkeheien i Hå kommune kl. 23-08.

Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon og refusjonsrett
LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Det er krav om politiattest nyaren enn 3 mnd.

Ved tildeling av legeheimelen vil ein legge stor vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar
Motivasjon for å jobbe med allmennmedisin
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode evner til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
Kommunen legg til rette for spesialisering i allmennmedisin med rettleiar og deltaking i ALIS tilskots-ordning, og stiller og med etableringstilskot kr 300 000 for nye legar.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Klepp kommune
Kontaktpersoner
Navn: Roman Benz
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: 48136838
E-post: roman.benz@klepp.kommune.no
Navn: Kåre Horpestad
Tittel: Fastlege - heimelsinnehavar
Telefon: 98676977
E-post: kaarehorpestad@hotmail.com
Navn: Håvard Ims
Tittel: ass. kommuneoverlege
Telefon: 93099114
E-post: havard.ims@klepp.kommune.no
Arbeidssted
Jæren legesenter
Kjøpmannsbrotet 5
4351 KLEPPE