Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Det skal opprettast deleliste ved Klepp legesenter innan september-24
Klepp legesenter er eitt av fire legesenter i kommunen. Det er eit veldrive legekontor med 4 legeheimlar lokalisert sentralt i Kleppe sentrum i lyse og tidsmessige lokale. Det er gode arbeidsforhold med stabile og erfarne medarbeidarar og eit svært triveleg arbeidsmiljø. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin og det er låg terskel for å drøfte problemstillingar med kollegaer.

Me har  LIS1-lege halve året. Journalsystemet er web-basert (Pridok) med integrert spirometri, EKG og 24timars-EKG, og ein har elles m.a. nyare ultralydapparat.

Om aktuell kandidat til stillinga ønskjer det, kan det verte aktuelt med vikarstilling i 50-100 % (2-4 kurative dagar) i 6-12månader før oppretting av delelista. Noverande heimelsinnehavar planlegg å trekke seg ut av praksisen våren-27.

For tida er det 1100 pasientar på den aktuelle lista, medan listetaket er sett på 1000 pasientar mtp naturleg avgang. Listetaket kan etter kvart setjast lågare om ny fastlege ønskjer det.

Ved tildeling av legeheimelen vil ein legge stor vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.

Dei økonomiske villkåra må avtalast direkte med heimelsinnehavar og Klepp legesenter

Arbeidsoppgåver
Fastlegearbeid
Offentlege oppgåver kan bli pålagt med inntil 7,5 timar pr. veke.
Ein deltek i 36-delt interkommunal legevakt med Time kommune lokalisert i Klepp sentrum ettermiddag/kveld og helg, og med Hå og Time kommunar lokalisert på Bekkeheien i Hå kommune kl. 23-08.
 
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon og refusjonsrett
LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Det er krav om politiattest nyaren enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar
Motivasjon for å jobbe med allmennmedisin
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode evner til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
Kommunen legg til rette for spesialisering i allmennmedisin med rettleiar og deltaking i ALIS tilskots-ordning, og stiller og med etableringstilskot kr 300 000 for nye legar.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Klepp kommune
Kontaktpersoner
Navn: Roman Benz
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: 48136838
E-post: roman.benz@klepp.kommune.no
Navn: Magni Sønnesyn
Tittel: fastlege / heimelsinnehavar
Telefon: 47099336
E-post: magnisonnesyn@gmail.com
Navn: Rune Slettbakk
Tittel: fastlege
Telefon: 90093735
Arbeidssted
Klepp legesenter
Skulevegen 7
4350 KLEPPE