Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga

Statsforvaltaren har ledig stilling som fylkeslege og direktør for helse-, sosial- og barnevernsavdelinga.

Fylkeslegen inngår i embetet si leiargruppe og kriseleiing.

Fylkeslegen leiar avdelinga med om lag 65 tilsette med kompetanse innan barnevern, sosial- og helsefag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon.

Avdelinga har omfattande rådgjevings- og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med barneverns-, helse-, omsorgs- og sosialtenestene. Avdelinga har brei kontakt med kommunar, spesialisthelsetenester og nasjonale styresmakter. Overordna mål for avdelinga er å sjå til at barn, pasientar og andre får gode tenester i tråd med regelverket.

Stillinga har kontorstad i Bergen. Avdelinga har tre seksjonar, og tilsette i Bergen og på Leikanger. Fylkeslegen må rekne med noko reising.


Arbeidsoppgåver

Fagleg leiing av arbeidet i avdelinga, mellom anna avgjerder i vanskelege saker, deltaking og innlegg på nasjonale møte og handtering av media.

Administrativ leiing av avdelinga gjennom seksjonsleiarane, mellom anna med overordna ansvar for personalleiing og budsjettstyring.


Kvalifikasjonar
  • Medisinsk embetseksamen og autorisasjon som lege, gjerne spesialist i samfunnsmedisin, eller annan spesialisering
  • Arbeidserfaring frå kommune- eller spesialisthelsetenesta
  • Leiarerfaring og erfaring frå offentleg forvaltning innanfor barnevern, sosialområdet eller helse og omsorg
  • God kjennskap til tilsyn, kvalitetsrevisjonar, risikostyring eller pasientryggleiksarbeid God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål

Personlege eigenskapar
  • Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og strategisk tenking
  • Tydeleg og tilgjengeleg, med evne til å skape tillit både internt og overfor samarbeidspartnarar
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne som leiar
  • Evne til effektiv drift og prioritering av arbeidsoppgåver Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • lønn i samsvar med vår lokale lønnspolitikk

Vilkår

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Helse, sosial og barnevern
Kontaktpersoner
Navn: Gunnar Hæreid
Tittel: Assisterande statsforvaltar
Telefon: 91180626
E-post: gunnar.haereid@statsforvalteren.no
Navn: Liv Signe Navarsete
Tittel: Statsforvaltar
Telefon: 91179143
E-post: liv.signe.navarsete@statsforvalteren.no
Arbeidssted
Solheimsgaten 13
5020 BERGEN
Søk på stillingen