Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Det er ledig fastlegestilling med fast lønn.
Ved interesse frå søkar med ønskje om privat legedrift, opnar vi opp for å kunne leige seg inn som sjølvstendig næringsdrivande ved kontoret.
Listelengde på ca. 800 pasientar som kommunalt lege med fastløn.

Bø Legesenter har 8 legeheimlar og 1 turnuslege, og dyktige og erfarne helsesekretærar og sjukepleiarar.
Ein har her moglegheit for å vere med i ein spanande prosess med utvikling av fastlegetenesten i kommunen, saman
med engasjerte kolleger. Bø legesenter har moderne og velegnede lokaler. Bø legesenter har ein delt driftsform med 4 næringsdrivande, og 4 kommunalt tilsette legar.

Kom gjerne innom for å hilse på oss som jobber her, og for å sjå på våre fine lokaler. Hos oss vil du trives!

Arbeidsoppgåver

  • Allmennpraksis etter gjeldende avtaleverk.  
  • Deltaking i kommunens legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid mellom Midt-Telemark, Notodden og Hjartdal, med bemanna legevaktsentral på Notodden.
  • Ved inngåelse av privat avtale om fastlegeheimel med kommunen, vil den som mottek stillinga også forplikte seg til offentleg legearbeid i inntil 7,5 timer per veke etter kommunalt behov.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i
    allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin.
  • God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
  • Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode
    samarbeidsevner.

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå kommunehelsetenesten og fastlegeordninga er ein fordel.

Særskilde krav

  • I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.  Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Løn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår (tilplikting inntil 7,5t. pr. veke) etter gjeldande lov og avtaleverk, for legar som evt. leiger seg inn for sjølvstendig drift.
  • Førarkort kl. B
  • Disponere bil

Personlege eigenskapar

  • Det vektleggast faglege kvalifikasjoner 
  • Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar tilleggast stor vekt

Vi tilbyr

Du vil få tilbod om gode løns –og arbeidsvillkår som tilsett i legehjemmel med fastløn.
I tillegg vil du beholde 25% av den Helfo-refusjonen du initierer via refusjonssystemet.

Som kommunalt tilsett lege får du

  • 1 veke ekstra fri pr. år. Dette er ikkje å rekne som feriedagar, og kan ikkje overførast til seinare år.
  • Du vil få tilbod om ein(1) kontordag pr. veke. Det er forventa at kontordagen også er ein inntektsgivande dag, men gir samtidig rom for å være ajour med dokumentasjon, attest-skriving og reseptar
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Kontaktpersoner
Navn: Elisabeth Fosteråsen Hoksrud
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 48039978
Navn: Ruth Hogstad-Erikstein
Tittel: HTV legeforeningen/fastlege
Telefon: 95946207
Navn: Jørund Verpe
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 90635444
Arbeidssted
Bø legesenter
Hellandvegen 12
3800 Bø
Søk på stillingen