Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har eit vikariat (100%) som overlege i nukleærmedisin i 12 månader.

Senter for nukleærmedisin/ PET er ein integrert del av Radiologisk avdeling, og utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke. I tillegg har vi regionalt ansvar og landsfunksjon for deler av verksemda. Senteret utfører alle tradisjonelle nukleærmedisinske og PET-undersøkingar i kombinasjon med CT, MR og ultralyd, inkludert ultralydrettleia biopsiar. Senteret har ein PET/CT (Biograph Vision), PET/MR (Biograph mMR), to SPECT/CT (Symbia Intevo Bold) og ultralyd (Canon Aplio i700). Senteret arbeider tverrfagleg og har ca. 40 medarbeidarar, eigen legemiddelfabrikk for radiofarmaka med syklotron og radiokjemi. Vi har marknadsføringstillating for [18F]FDG og tilverkarløyve på [18F]PSMA-1007, [18F]FLT, [18F]FDOPA og [18F]FMISO. I tillegg blir [68Ga]DOTATOC eigenprodusert.

I tett samarbeid med andre avdelingar, gjennomfører senteret ulike formar for radionuklidebehandlingar som radiojodbehandling for godarta og vondarta thyreoideasjukdommar, [131I]MIBG, SIRT, Xofigo og Luthatera. Det er primært dagarbeid ved senteret. Senteret er ein del av 180°N konsortiet (https://www.ntnu.edu/180n) med hovudfokus på forsking og utvikling av nye PET-radiofarmaka, men vi utfører også kliniske studiar.

Legekollegiet består av 7 overlegar (totalt 4,9 overlegestillingar, 3 med PhD), 2 konstituerte overlegar og to LIS. Ein overlege har 50% PhD-stilling ved MMIV https://mmiv.no/

Lurar du på korleis det er å jobbe her? Ring gjerne og snakk med LIS-lege Jens Sjåvik tlf. nr 41701485 (arbeid) eller overlege Boel Johnsen 94810912 (mobil).

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på senteret, sjølvstendig biletetolking og beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing
  • Utføre relevante prosedyrar og pasientarbeid innan nukleærmedisin og PET, samt terapiar
  • Utføre ultralydundersøkingar dersom kvalifisert
  • Delta i undervisning og kurs relevante for spesialiteten (etter avtale)
  • Delta i avdelinga si studentundervisning, internundervisning, fagutvikling og forskingsarbeid
  • Delta i pasientbehandling

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som overlege bør ha norsk autorisasjon eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing som spesialist i nukleærmedisin, eller ferdig eller nær ferdig spesialist innan nukleærmedisin
  • Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjoner til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor senteret og avdelinga
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver og er ansvarsbevisst
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Du trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø og er samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Cecilie Brekke Rygh
Tittel: Senterleiar
Telefon: 55 97 09 05
E-post: cecilie.brekke.rygh@helse-bergen.no
Navn: Martin Biermann
Tittel: Overlege
Telefon: 55 97 76 43
E-post: martin.biermann@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen