Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Radiologisk avdeling har ca 350 flinke og engasjerte medarbeidarar og ei moderne utstyrspark. Avdelinga nyttar Sectra PACS/RIS. Radiologane er delt inn i 7 seksjonar og det er 16 LIS i radiologi i avdelinga. Vi jobbar tett opp mot våre kliniske samarbeidspartnarar med regelbundne demonstrasjonar og MDT møte. Arbeidsoppgåvane er varierte og utfordrande og omfattar utgreiing og kontrollar av akutte og kroniske sjukdomar. Vi legg vekt på eit godt miljø på seksjonen, med fleksibilitet og eit godt samarbeid oss imellom for å løyse dei oppgåvene seksjonane har tildelt. 

Avdelinga har eit aktivt forskingsmiljø, og det er gode moglegheiter for å drive eigen forsking. Senter for nukleærmedisin og PET er ei integrert eining i Radiologisk avdeling og det er eit tett samarbeid mellom nukleærmedisinar og radiolog innan hybriddiagnostikk. 
 
Ein av våre faste radiologar skal inn i nye oppgåver og vi har ledig eit vikariat som overlege innan gastroenterologisk og onkologisk radiologi. Vikariatet er ledig frå 04.03. til 31.10.2024.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsarbeid som planlegging, gjennomføring og tolking av undersøkingar i fagfeltet gastroenterologisk og onkologisk radiologi
  • Deltaking i demonstrasjonar og MDT møte
  • Ultralydverksemd, prosedyrar i gjennomlysing og enklare intervensjonar
  • Vaktarbeid etter avtale
  • Rettleiing av LIS-legane i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha norsk autorisasjon og vere godkjend norsk spesialist i radiologi
  • LIS med kort tid att av spesialisering i radiologi, vil bli vurdert
  • Erfaring og interesse for fagfeltet vil telje positivt for søknaden
  • Søkar må ha gode kunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon  

Personlege eigenskapar

  • Vi søker personar med ei positiv innstilling og fagleg engasjement
  • Gode evner til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utgreiing og behandling

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Aina Nærø Kristensen
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55 97 64 67
E-post: aina.nero.kristensen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen