Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Me søkjar ein lege eller medisinstudent med gyldig lisens for eit ferievikariat i perioden frå veke 26 til og med veke 32. Fleksibel oppstart og avslutning er mogleg, men vi treng særleg dekning for veke 28, 29 og 30.

BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). Vi har to poliklinikkar og sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. 

BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri og har avtale med både vaksenpsykiatri og pediatri, slik at ein kan gjennomføre heile utdanningsløpet i Haugesund.

Vi er opptatt av barn og unges helseteneste. Sjå film om prosjektet og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM   

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Delta i vaktordning for legar (forvakt).
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kvalifikasjonar

  • Medisinstudent med lisens, eller du som ventar på LIS 1 stilling.
  • Må ha dokumentert norsk autorisasjon eller lisens.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
  • Pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap.
  • Arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Kreativ, nytenkjande og fleksibel.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Arbeid i tverrfaglege team.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • Sosiale aktivitetar.
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.


Om byen
Haugesund er ein mellomstor norsk by med ca 40 000 innbyggjarar. Nærregionen har rundt 180.000 innbygjarar. Haugesund ligger på vestkysten av Norge, mellom Bergen som er Norges nest største by og Stavanger. Byen har alle fasiliteter, bl.a. internasjonal lufthavn, cruisehavn og et aktivt kulturliv bl.a. fleire store årlige kulturfestivalar inkl. internasjonal filmfestival og jazzfestival. Regionen har variert natur med sandstrender, nærhet til turområder i fjellet og tilgang til fiskemuligheter i sjø. BUP Haugesund ligg sentralt plassert i Haugesund. 

Sjå film om Haugesund og vår region:  https://www.visitnorway.com/places-to-go/fjord-norway/haugesund-haugalandet/?lang=uk 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Marit Elisabeth Ness
Tittel: Psykologspesialist
Telefon: 52732850
Navn: Lene Elisabeth Nordtveit
Tittel: Sekretær
Telefon: 52732850
Navn: Georg Walter Reinhardt
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 52732850
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Vinjes gate 10
5522 Haugesund