Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

No er vi på jakt etter deg:

Klinikk for psykisk helsevern og rus er godkjend som utdanningsinstitusjon for spesialistutdanning innan Psykiatri og Barne- og Ungdomspsykiatri. Klinikken byggjer no opp spesialiteten Rus- og avhengigheitsmedisin (RAM). I den samanheng har vi fått tilført ei ny LIS 3-stilling i RAM-spesialiteten. No mangler vi kun deg som spesialist i RAM. Vi ønskjer deg som har eit brennande engasjement for faget, og du vil vera ein viktig del i oppbygging og  vidareutvikling av TSB-tenestene våre, samt bidra til å utdanna fleire spesialister i Rus- og avhengighetsmedisin.

Haugaland DPS sitt opptaksområde er Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Karmøy, Etne, Sauda og Suldal. Befolkningsgrunnlaget er omlag 90 000 vaksne innbyggjarar.

Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar, psykologspesialistar, LIS1 og LIS3, psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning.

Haugaland DPS har ansvar for felles henvisningsmottak for TSB som gjeld vurderingar og prioriteringar av henvisningar til Helse Fonna og Haugaland A-senter. Haugaland DPS har og ansvar for felles vaktsystem mellom DPS og Haugesund sjukehus for både psykisk helsevern og rus . Haugaland DPS har TSB-poliklinikk inklusiv et FACT-team, samt ein TSB-post. Stillinga er knytt til TSB-poliklinikk, for tida lokalisasjon Karmøy.

DPS er i ein spennande fase kor vi vidareutviklar behandlingtilbod både i poliklinikkar og i døgnbehandling, og vi ønskjer deg med på laget. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling
  • Samarbeid rundt pasientar
  • Deltakelse i vakt
  • Bidra i fagutviklingsarbeid både internt og mellom avdelingane i Helse Fonna
  • Rettleiing og undervisning både internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i Rus- og avhengighetsmedisin
  • Ønskeleg med både erfaring fra både post og poliklinikk
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av faget og det beste for pasientane
  • Du er god på samarbeid
  • God på formidling av kunnskap internt og eksternt
  • Arbeidar strukturert og sjølvstendig
  • Kreativ, nytenkjande og pragmatisk
  • Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen.
     

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldende overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Vi legg til rette for kurs og vidareutdanning
  • Mulighet for deltagelse i prosjekt, kvalitetsutvikling og forskning 
  • Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø
  • For å kunne vurdera fortrinnsrett til stilling, må søkjer gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Endre Bø Blindheim
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 52732100
E-post: endre.bo.blindheim@helse-fonna.no
Navn: June Thorland
Tittel: Funksjonsleiar TSB-poliklinikk
Telefon: 52732100
E-post: june.thorland@helse-fonna.no
Navn: Ingrid Camilla Aasbøe Heggland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 95767168
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Asaldalvegen 1
4250 Kopervik
Søk på stillingen