Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i augesjukdomar er ledig på Stord snarast. -Noverande praksis er veletablert med funksjonelle og romsleg lokale, inkludert operasjonsstue  og veletablert pasientgrunnlag.   
 
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Avtalepraksisen skal primært bli nytta til ordinære oftalmologiske problemstillingar, men avtalespesialisten kan også utføre augelokksoperasjonar.
 
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
 
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten føretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært og forpliktande fagleg samarbeid med Helse Fonna om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Fonna. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Fonna også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
 
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 1 093 100 (klasse 1) til kr. 1 627 900 (klasse 3).
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.
 
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
 
Spørsmål om praksisen kan rettast til Christian Nilsen, tlf.: 971 89 598.   
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 415 33 822.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4068 Stavanger, eller til post@helse-vest.no.  
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Privatpraktiserende spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktpersoner
Navn: Christian Nilsen
Tittel: Spørsmål om praksisen
Telefon: 971 89 598
Navn: Helse Vest v/ Torleiv Bergland
Tittel: Spørsmål om heimelen
Telefon: 415 33 822
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes: Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4068 STAVANGER

Send søknad på mail
Arbeidssted
,
5417 STORD
Søk på stillingen